Aktuelt
03. november, 2025
Slik viser Norgespris på fakturaen
Har du valt Norgespris og lurer på kvifor du ikkje ser den faste prisen på 50 øre/kWh på fakturaen? Det er heilt som det skal vere – og her forklarer vi kvifor.
Norgespris blir handtert av nettselskapet
Sjølv om du kjøper straumen frå oss i Wattn, er det nettselskapet ditt som handterer sjølve ordninga med Norgespris. Det betyr at dei justerer nettleigefakturaen din slik at du totalt betaler 50 øre/kWh for straumen.
Du betaler først spotpris til oss
Du får straum som vanleg frå Wattn og betaler spotpris time for time – akkurat som før. Nettselskapet ditt ser deretter på forskjellen mellom spotpris og Norgespris (fastpris), og legg til eller trekker ifrå det som trengs for at totalprisen skal ende på 50 øre/kWh.
Alt på èin faktura
Får du straum og nettleige på same faktura frå oss? Det betyr at vi har gjennomfakturering med det lokale nettselskapet ditt. Då får du éin faktura frå Wattn med både straum og nettleige, og justeringa for Norgespris vil ligge som ei eiga linje på nettleigedelen. Enkelt og oversiktleg.

Har vi ikkje gjennomfakturering med det lokale nettselskapet ditt der du bur, får du éin faktura frå Wattn (for straumen) og éin frå nettselskapet ditt (for nettleige og Norgespris-justeringa).
Då kan du oppleve å få ein litt høgare straumfaktura først – og deretter ein nettleigefaktura der du får redusert nettleigekostnad.
Nokon grunnar til at du ikkje får rekna heim 50-øringen
Det kan vere fleire grunnar til at du ikkje får rekna deg heilt fram til 50-øringen. Det kan vere at du bestilte Norgespris midt i månaden, at du bytte straumavtale i løpet av månaden, eller at du har brukt meir enn maksgrensa – som er 5000 kWh for bustad og 1000 kWh for hytte.
Kort oppsummert
👉 Du betaler spotpris time for time til oss.
👉 Nettselskapet sørger for at du totalt betaler 50 øre/kWh.
👉 Justeringa finn du på nettleigedelen – enten på vår felles faktura, eller på fakturaen frå nettselskapet ditt.
Alle prisar og eksempel er oppgitt inkl. mva.
Eksempel
Spotprisen i ein time er 65 øre/kWh.
Du betaler 65 øre/kWh til Wattn.
Nettselskapet refunderer deg 15 øre på nettleigefakturaen.
Til saman har du betalt 50 øre/kWh – altså Norgespris.
