Aktuelt

Publisert

17. juni 2025

Regjeringens forslag til Norgespris på straum

Regndråper på vindu

Kva er Norgespris?
Med Norgespris betaler du ein fast straumpris på 50 øre per kWh (inkl. mva) – uansett om marknadsprisen går opp eller ned.

Dette gjeld:
•    Inntil 5 000 kWh i månaden for bustader
•    Inntil 1 000 kWh i månaden for fritidsbustader
Forbruk over desse grensene vert fakturert til vanleg spotpris.

Når gjeld det – og kor lenge?
•    Du kan velje Norgespris frå 1. oktober 2025
•    Avtalen varer til 31. desember 2026
•    Prisen justerast ein gong i året
•    Du bind deg ut kalenderåret 2026 – men har 14 dagar avbestillingsfrist

Løner det seg med Norgespris? Sør-Norge vs. Nord-Norge?
Norgespris passar for deg som ønsker forutsigbar straumpris i ein marknad der straumprisen svingar mykje. Alternativet er dagens støtteordning, der staten dekker 90 % av spotprisen over 93,75 øre/kWh.

Kva som løner seg, kjem an på kor i landet du bur og straumforbruket ditt. I Sør-Norge, der prisane ofte er høge og ustabile, kan Norgespris vere ekstra gunstig. I Nord-Norge, der prisane er jamt lågare og meir stabile, kan det framleis løne seg med spotpris og dagens støtteordning.

Lurt med straum og nettleige på same faktura
Norgespris vert administrert av nettselskapa, og støtta trekkast direkte frå nettleiga – på same måte som i dag.

Hos oss får du straum og nettleige på same faktura – også kalt gjennomfakturering. Då vert støtta trekt frå automatisk, og du slepp å legge ut pengar eller vente på tilbakebetaling. Enkelt, ryddig og oversiktleg – akkurat slik vi liker det.

Vi hjelper deg med valet – og held deg oppdatert
Norgespris får du sjølvsagt som kunde hos oss. Og uansett kva du vel, held vi fram med å hjelpe deg å bruke straumen smart. Sjølv om ordninga no er vedtatt, kan det kome endringar før oppstart i oktober. Vi følger utviklinga tett og sørger for at du får den informasjonen du treng til rett tid, slik at du kan ta det valet som passar best for deg.