Aktuelt

Publisert

01. november 2024

Nytt samarbeid om gjennomfakturering



Info 2000x700

Vi har no fått Glitre Nett med på lista over nettselskap vi tilbyr gjennomfakturering med, noko som betyr at vi kan gi fleire ein endå meir oversiktleg og brukarvennleg straumrekning. Det synest vi er stas!

Vi veit kor viktig det er for kundane våre å ha god kontroll over straumkostnadene, og at gjennomfakturering bidreg til nettopp dette. Å samle nettleige og straumforbruk på éin faktura gir ei tydelegare oversikt over dei totale straumkostnadene – ei løysing vi veit mange set stor pris på.