Vel visninga di
Du vel sjølv korleis du ønsker å sjå spotprisane:
- Grafvisning gir deg ei visuell framstilling av prisane.
- Tabellvisning gir deg ei detaljert oversikt i talform.
For å gi deg ei rask oversikt, er det også inkludert markeringar for dagens høgaste og lågaste pris, samt gjennomsnittsprisen.

Morgendagens prisar
Spotprisane for morgondagen, som blir levert av kraftbørsen Nord Pool, blir tilgjengelege i appen kvar dag kl. 14.00. Viss du vel å sjå prisar for «2 dagar» før dagens oppdatering, vil grafen vere delvis tom til dei nye prisane er publiserte.
Enkel visning av prishistorikk og prisområde
Under «Historikk»-fanen kan du enkelt sjå gjennomsnittsprisane for dei siste 7, 30 og 90 dagane i ein oversiktleg graf. Nederst i appen finn du ei praktisk oversikt over dei geografiske prisområda som avtalane dine er knytt til.
Vi håpar at den nye visninga av spotprisane gjer det enklare for deg å planleggje straumforbruket ditt endå betre.