Wattn-profil-gradient-lys

Aktuelt

25. november, 2024

Ny marknadssjef i Wattn

Camilla Skarshaug er tilsett som ny marknadssjef i Wattn og startar i stillinga 2. januar 2025.

Camilla kjem frå Harøya i Ålesund og har solid erfaring innan digital marknadsføring og merkevarebygging. Ho har dei siste åra jobba som marknadsansvarleg i Twoday, eit Nordisk teknologiselskap som leverer konsulenttenester innan data, AI og digital transformasjon. Tidletiare har ho hatt nøkkelroller i selskap som iProspect, Carat og Egmont Publishing.

Som marknadssjef i Wattn vil Camilla få ansvaret for å utvikle og gjennomføre marknadsstrategien til selskapet. Ho skal leie arbeidet med å styrke Wattns posisjon og utvikle den beste digitale kundeopplevinga. 

- Eg ser fram til å jobbe med denne spennande merkevara. Wattn er ung, men har allereie eit sterkt fotfeste i marknaden. Eg gler meg til å bidra med å skape endå større verdi for kundane og styrke Wattns posisjon i ein bransje i rask utvikling, seier Camilla.

Camilla sin bakgrunn innan digital marknadsføring og dataanalyse gir henne verdifull innsikt i korleis ein kan kombinere teknologi og kreativitet for å bygge ei sterk merkevare i ein konkurranseutsett marknad. CCO Frank Torheim, er veldig fornøgd med å ha fått på plass ein marknadssjef som skal bidra til å løfte selskapet og nå vekstambisjonane.

- Camilla har sterk digital kompetanse, noko som er viktig for oss. Ho blir eit godt tilskot til marknadsteamet og tek med seg mykje relevant erfaring som vil bidra til å utvikle merkevara vidare, og styrke rolla vår som eit digitalt marknadsselskap. 

Om Wattn

Straumselskapet Wattn tilbyr framtidsretta produkt og tenester med fokus på smart teknologi og berekraftig utvikling. Målet vårt er å hjelpe kundar å forstå og kontrollere straumforbruk og kostnader. Saman med kundane ønsker vi å redusere straumsløsing og skape ei berekraftig framtid. Wattn har 42 tilsette fordelte på kontor i Ålesund, Sandane, Førde, Ørsta, Stryn, Vik i Sogn og Kvinnherad.  


Kontaktinformasjon:     

Frank Torheim, CCO i Wattn 
Telefon: 98 85 40 06 
E-post: frank.torheim@wattn.no