Aktuelt
Wattn + SFE = eit godt ladetilbod på Malakoff
Malakoff har teikna ny sponsoravtale med SFE, og med på laget i år er også det nye straumselskapet Wattn. Festivalsjef Arnt Ivar Naustdal, er klar på at gode og langsiktige partnarar er avgjerande for Malakoff sin eksistens og suksess. Han er svært glad for at SFE og Wattn er med på å sikre at festivalpublikummet straum til mobilen.
SFE har vore med som sponsor sidan Malakoff sin spede start i 2003. Nesten 20 år er gått og mykje er endra men sponsoren er framleis med.
– Samarbeidet mellom Malakoff og SFE starta allereie i 2003 då to unge menn med store draumar og ambisjonar presenterte ideen om ein rockefestival på Eid for SFE. Vi blei med på reisa frå start og er i dag den sponsoren som har vore med lengst, seier Jannicke Lindvik som er kommunikasjonsdirektør i SFE.
Styrke å vere to
SFE er ein av dei fire eigarane til straumselskapet Wattn, og sponsorene er difor godt kjende med kvarandre. Lindvik meiner det er ei ekstra styrke å vere to om å sikre ladetilbodet på Malakoff i år.
Marknadssjef i Wattn, Inger Lise Vereide, er einig i dette.
– Det er utruleg kjekt for oss å spele på lag med ein festival som er so viktig for lokalområdet vårt. Sjølv om vi som straumleverandør strekk oss både lenger nord og lenger sør som selskap, er dette området framleis like viktig for oss. Vi gler oss til å gjere festivalcamparane positivt lada, alltid, seier Vereide.
Like viktig som mat og drikke
Å ha eit godt ladetilbod for festivaldeltakarane er heilt vesentleg for festivalen meinar festivalsjef Arnt Ivar Naustdal.
– Eit godt ladetilbod er med tida blitt ein like viktig fasilitet som mat og drikke er, og det er ei forventing om at dette fungerer optimalt når folk skal ta vare på minner, dele opplevingar på sosiale medier og ikkje minst kommunisere med kvarandre ved hjelp av mobilen sin. Hyppig bruk betyr at lading må vere tilgjengeleg og effektivt seier festivalsjefen og legg til at han er glad for at dei har SFE og Wattn med på laget.