Flytte

Straum

Flytting på gang?

Set av litt tid i flyttekaoset for å ordne straumavtalen din, då slepp du å betale meir enn nødvendig. Vi hjelper deg gjerne med å finne rett straumavtale, og ordnar sjølvsagt alt det praktiske.

Det viktigaste du kan gjere er å gi oss beskjed når du veit kva dato du skal flytte. Då sikrar du at du ikkje betalar straum ein plass du ikkje lenger bur. Vi kan dessverre ikkje datere ei avslutta straumavtale tilbake i tid.

Det neste er å seie ifrå om kvar du flyttar slik at du får ein straumavtale til den nye bustaden din. Om du ikkje vel nokon til å levere straum til deg, vil nettselskapet ditt sette deg på leveringspliktig straum. Det er unødvendig dyrt for deg.

Skal du kjøpe, eller har kjøpt ny bustad, får du gjerne tilbod frå meglar om å signere straumavtale ved overtaking. Det kan verke enkelt og greit, men er ikkje nødvendigvis det mest lønsame. Ta deg tid til å sjekke kva straumavtale som passar for deg. Sjølv små endringar som å flytte fra ei lita til ei større leilegheit, eller gå frå ein til to i husstanden, har utslag på straumforbruket ditt. Pass derfor på at du har rett straumavtale til deg og forbruket ditt.

Spørsmål og svar om flytting

    • Eg skal flytte, kva gjer eg?
    • Fyll ut kontaktskjema nedst på denne sida, eller meld flytting direkte i appen, og ta med deg straumen på flyttelasset. Flyttebil må du ordne sjølv, men vi ordnar med alt det praktiske rundt straumavtalen din.

    • Kan eg ta med meg straumavtalen min når eg flyttar?
    • Så klart! Fyll ut kontaktskjemaet nedst på denne sida, eller ta kontakt med oss, så fiksar vi det for deg.

    • Eg har allereie flytta ut, kven skal eg gi beskjed til?
    • Dersom du allereie har flytta ut og har gløymt å seie opp abonnementet i den gamle bustaden din, må du sørge for at huseigar/leigetakar bestiller straum frå den datoen du flytta ut. Då slepp du å betale straum ein plass du ikkje lenger bur.

    • Eg skal flytte ut, men ingen skal flytte inn, kva gjer eg?
    • Gi oss beskjed seinast 3 virkedagar før flyttedato, men helst så snart som mogleg. Vi er tilgjengeleg både på chat, e-post og telefon.

      Merk! Dersom du seier opp straumen er det viktig at huseigar er klar over faren ved avstengt straum, spesielt i vinterhalvåret.