Pharma Marine

Kundehistoriar

Pharma Marine - Gratis råd gav over ein million i gevinst

Ein liten sjekk og tre minutt med papirarbeid har gjort at Pharma Marine sparar fleire hundre tusen kroner på straumrekninga kvart år.

Hemmeligheita er forbruksavgift, og enkelt sagt gjeld det produksjonsbedrifter. Har du den rette næringskoden, så skal du berre betale eit halvt øre i forbruksavgift i stadenfor over seksten øre per kWh.

For produksjonsbedrifter med høgt straumforbruk blir det mange kroner ut av dette. Hos Pharma Marine sitt anlegg på Terøya i Haram er det store ståltankar fulle av fiskeolje. Oljen skal varmast og maskineri kjølast. Det skal prosesserast og produserast, og straummåleren spurtar avgarde. Dagleg leiar Leif Kjetil Gjendemsjø fortel om mange Enova-prosjekt, gjenvinning av prosessvarme, biodiesel frå eigne restfraksjonar og sjøvatn som kjølevatn.

- Vi har tenkt miljø og energisparing, likevel er vi storforbrukarar av straum.

Dermed har også straumrekninga vore stor, og flere firma har vore i kontakt med dei for å tilby sine tenester når det gjeld sjekk av rekninga, og om Pharma Marine henta ut gevinsten med redusert forbruksavgift.

- Dei ville ha femti prosent av ein eventuell gevinst. I staden tok vi kontakt med TAFJORD, og dei hjalp oss gratis.

Det sparte oss for mange hundre tusen kroner.

Sparte fleire hundre tusen kroner
Gjendemsjø er oppgitt over dårleg informasjon om redusert forbruksavgift både frå nettselskapet dei har og frå det offentlege – og at det kan bygge seg opp ei heil næring som lever av å gi råd der kraftselskap kan gi gratis hjelp.

- Vi skal sjølvsagt betale dei skattar og avgifter vi er pålagde, men vi vil ikkje betale meir enn vi må, og når regelverket til Skattedirektoratet seier at vi kan få redusert denne forbruksavgifta, så ønsker vi naturligvis det. Etter at Pharma Marine tok kontakt med TAFJORD gikk det raskt.

- Det var eit skjema og gjort på tre minutter, så fekk vi tilbakebetalt fleire hundre tusen kroner for kvart av dei tre siste åra.

Det er sjeldant god timebetaling og Gjendemsjø lovar at skjemaet skal fyllast ut også i år.

Vil gi tipset til fleire

- Men eg ønskar også å gjere andre bedrifter merksame på dette. Eg har snakka med fleire andre bedriftsleiarar og ingen hadde høyrt om det.

Camilla Blom og Marius Løseth Hauge i TAFJORD gledar seg med Pharma Marine og seier dette er ei teneste dei med glede yter sine straumkundar.

- Vi gjer dette som ei gratisteneste og ein del av totalpakken vi tilbyr kundane våre. Vi skal både gi kundane den beste forvaltninga, den beste servicen og dei beste råda. Det er best og billigast for kunden og berre slik kan vi vise oss tilliten verdig.