Aktuelt

Publisert

09. november 2023

Wattn signerer storkontrakt med Forsvarsbygg

Wattn signerer storkontrakt med Forsvarsbygg

Avtalen blei inngått etter at Wattn vann anbodskonkurransen om kraftleveranse til Forsvarsbygg. Eigedomsporteføljen til Forsvarsbygg er ein av dei mest krevjande i landet, den inneheld 15 festningar, militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar.

- Dette er ein viktig avtale for oss, seier Camilla Blom, leiar for bedriftsmarknad i Wattn. Vi ser fram til å samarbeide med Forsvarsbygg i åra framover. Dette er ein stor og profesjonell innkjøpar som vi er veldig fornøgde med å ha inngått samarbeid med. Avtalen betyr mykje for oss, med eit forbruk tilsvarande ein mellomstor by i Noreg, er dette ein veldig viktig kunde for oss.

Avtalen trer i kraft 1. januar 2024.