Pressemelding
17. november, 2025
Wattn har Norges mest fornøgde bedriftskundar
EPSI Rating Norge har kåra Wattn til straumleverandøren med dei mest fornøgde bedriftskundane i Norge i 2025. Målinga viser at leverandørene som gjer straum enkelt, følger opp tett og leverer tydeleg opplevd verdi, er dei som scorer aller høgast.
Hovudfunn
- Wattn får høgast score blant bedriftskundane, noko som viser at dei opplever tryggleik og god verdi i straumleveransen.
- Undersøkinga peikar på tre faktorar som betyr mest for fornøgde kundar: enkelheit, tett oppfølging og tydeleg verdi.
- Resultatet stadfestar at kundane alltid står i sentrum av arbeidet vårt.
Jonny Høstland, leiar for bedriftsmarknaden i Wattn, kunne ikkje vert meir fornøgd med resultatet. Han løftar fram at teamet har jobba målretta over tid for å gjere straum enkelt og skape meir verdi for kundane – og at det no er ekstra fint å få dette stadfesta.
- Dette var heilt fantastiske nyheiter, som eg blir veldig stolt av! Tusen takk til kundane som gir oss topp score. Eit stort klapp på skuldra til heile teamet som jobbar mot bedriftskundane kvar einaste dag, og alle i Wattn som hjelper oss å lykkast. Eg veit jo at Wattn består av dyktige og engasjerte medarbeidarar, men det er veldig fint at alle også får denne flotte anerkjenninga, dette er verkeleg ein siger for heile Wattn, seier Høstland.
Også CEO i Wattn, Arne Thomas Haram, er svært fornøgd. Han peikea på at kombinasjonen av kompetanse, engasjerte folk og det gode samarbeidet med kundane har bidrege til resultatet.
– At vi går til topps i målinga i år er rett og slett er heilt fantastisk. Det seier mykje om samarbeidet vi har med kundane våre, og alt vi får til saman i Wattn, seier Haram.

Om undersøkinga
EPSI Rating Norge gjennomfører årleg målingar av kundetilfredsheit i ei rekke bransjar i Norge. Studien bygger på tilbakemeldingar frå bedriftskundar om oppleving, kvalitet, verdi og lojalitet. Resultata for 2025 blei publisert 17. november.
Les meir om funna her:
Kundene har talt: Tibber og Wattn er best på strøm | EPSI Rating Norway