Wattn bedrift fleksibilitet animert

Fleksibilitetshandel

Fleksibilitetshandel er kort fortalt kjøp og sal av last-reduksjon mellom netteigar og kundar med moglegheit til å regulere forbruket sitt.

Netteigarane ser på kjøp av fleksibilitet som eit alternativ til meir omfattande nettutbygging. Smart styring av straumen er sett på som ei nødvendigheit for å kunne halde tritt med elektrifiseringa i samfunnet. Vi kan hjelpe med å identifisere og vurdere verdien av fleksibiliteten frå energiforbruk, fornybar energiproduksjon og energilagring.

Med systema og kompetansen vår for energiovervaking vil du kunne dra nytte av styring av forbruk mot timeprisane i straummarknaden i tillegg til å kunne selje fleksibilitet via oss.


Sidan slutten av 2020 har våre tilsette handla fleksibilitet på vegne av våre kraftkundar i pilotprosjekt på Vestlandet. Så snart din lokale netteigar opnar for handel av fleksibilitet kan vi tilby dykk våre tenester og kompetanse for at de skal kunne selge tilgjengeleg fleksibilitet.

Wattn-bedrift-prosjektleder-fleksibilitet-Lasse

Lasse Refsdal

Prosjektleiar fleksibilitet

91 15 15 87lasse.refsdal@wattn.no