Etter ei lengre periode med mildt og stabilt vêr, varslar Meteorologisk institutt mogleg brå stratosfærisk oppvarming i desember eller januar. Dette er eit vêrfenomen der varme luftmassar blir løfta opp i dei øvste laga av atmosfæren. Det kan forstyrre den polare virvelen – eit stort belte av kald luft som vanlegvis sirkulerer rundt Nordpolen. Når denne virvelen svekkjast, kan den kalde lufta strøyme sørover mot Europa og Norden.
Lite sjøis i Polhavet kan bidra til at slike situasjonar oppstår. Mindre is gjer at havet frigjer meir varme til atmosfæren, noko som endrar temperaturforskjellar og vindsystem i nordområda. Dette aukar sjansen for at polarvirvelen blir ustabil – og dermed for at kald luft når sørover. Resultatet kan bli lengre periodar med kaldt og tørt vintervêr.
Det er likevel for tidleg å seie sikkert kor kraftig fenomenet blir, eller om det vil påverke vêret i vår region. Dersom kulda kjem, kan ho likevel bidra til høgare straumforbruk og auka prispress i kraftmarknaden utover vinteren. Framover vil prisnivået i stor grad avhenge av tilgangen på vindkraft og mogleg import frå Europa. Bedrifter bør difor vere budde på meir variabel og tidvis høgare kraftpris gjennom vintermånadene, og vurdere tiltak for å sikre stabile og føreseielege energikostnader.


