Kraftmarkedsrapport

Publisert

28. januar 2026

Vinteren held fram


Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Senior marknadsrådgivar, Bedrift

91 31 83 40 margrete.hovde@wattn.no

I måleserien til Meteorologisk institutt, som strekker seg tilbake til 1901, har landstemperaturen lege over normalen sidan mai 2024, til saman 20 månader på rad. Denne milde trenden ser no ut til å bli broten, med ein betydeleg kaldare januarmånad enn vi har vore vane med dei siste åra.

 

Det europeiske vêrmeldingsinstituttet (ECMWF) varslar vedvarande kulde dei neste fire vekene, og februar er venta å bli kaldare enn normalt. Samstundes har januar vore prega av låg nedbør, særleg i Vest-Noreg og langs kysten nordover. Det er lite snø i fjella og prognosane framover indikerer framleis tørre vêrforhold.

 

Den hydrologiske situasjonen, kombinert med lågare temperaturar, peikar mot ein strammare kraftbalanse i første halvår 2026. Dette gir utsikter til relativt høge kraftprisar i alle prisområde. Nord-Noreg har framleis gode magasinfyllingar, og ved eit vêrskifte er det truleg her ein først vil sjå ei normalisering av prisnivået.

 

 

 

Indikativer prisar for opphavsgaranti. Ved avtale må skarp pris hentast.