Watt_elbillading_borettslag_sameige_zaptec_pro

Teknologi

Elbillading for bedrifter, burettslag og sameige

Ladestraum er ein avtale for bedrifter, burettslag og sameige som har ein større ladeinstallasjon av Zaptec Pro elbil-ladarar. Vi tilbyr lading i ladeparken til spotpris time for time med eit påslag per/kWh. Betaling skjer over straumrekninga til den enkelte brukar.

Alle brukarar som ladar elbilen sin i ladeparken hos bedrifta, burettslaget eller sameiget blir fakturerte for det tidsrommet elbilen faktisk ladar. Ved bruk av fellesladarar kan ein registrere elbilen sin med ei RFID-brikke for å starte lading. Vi hentar då inn alle ladetransaksjonar og avreknar desse automatisk over straumrekninga på kvar enkelt brukar sin faktura. Det er også mogleg å nytte eigen ladar på eigen parkeringsplass i burettslag og sameige.

Vi kan starte opp leveransen omgåande dersom de allereie har installert Zaptec Pro-ladarar.

Har de ikkje installert lade-anlegg enno, kan de ta kontakt med oss for eit komplett tilbod på Zaptec Pro-ladarar inkl. installasjon

Bedriftsradgiver David Jorgensen Wattn

David Jørgensen

Bedriftsrågivar, Ansvarleg elbilladar bedrift/burettslag

97 34 05 14david.jorgensen@wattn.no

Greitt å vite

Kjøp av elbilladar

Wattn leverer ferdige ladeanlegg med utbygd infrastruktur, eller utviding av eksisterande anlegg med Zaptec Pro-ladarar.

For burettslag/sameige kan den enkelte bebuar kjøpe og få satt opp eigen lader.

Nedbetaling

Vi kan tilby nedbetalingsløysingar for elbil-ladar på inntil 3 år om det er ønskeleg.

Gjennomfakturering av nettleige

Ladestraum kan fordele nettleiga til den enkelte brukar basert på andelen av lading. Dette gir ein mest mogleg rettferdig fordeling av nettleigekostnadane basert på om du lader mykje, lite eller ingenting.

Kontakt oss

Vi har god erfaring med kundar som nyttar seg av denne løysinga, og hjelper gjerne med å finne den beste løysinga for bedrifta di, burettslaget eller sameige ditt.

Ta kontakt med oss på e-post, bedrift@wattn.no eller via kontaktskjema under, så snakkast vi!