Jul på kaldestadåsen min

Aktuelt

06. desember, 2023

Tussamørkturen til Kaldstadåsen


Desember er for mange hektisk med juleavslutningar, vasking, pynting og baking. Derfor var nok Tussamørkturen til Kaldstadåsen eit kjærkomme avbrekk for fleire denne helga.

Tradisjon tru arrangerte dugnadsgruppa, Turstiar på Sunde, Tussamørtur til Kaldstadåsen på søndag ettermiddag. Frå å vere eit turmål der folk pustar og pesar seg opp for å perse tida frå sist, er det no ein tur der du tuslar deg oppover og leitar etter nissar som dukkar opp mellom røter, steinar og tre - heilt utan å sjå på klokka.

På toppen kom julestemninga! Snø, fakler, julemusikk, lys og sjølvaste nissen gjorde rammene komplett. Julegrana som står på rot på toppen, vart tent av varaordføraren og dugnadsgjengen sørga for varm kakao og nybaka bollar. Dette turmålet vil nok bli flittig brukt av både små og store i tida framover.

Wattn er stolt sponsor for lys på dette arrangementet og er så stolte av å få vere med å støtte eit slikt flott arrangement. Stor takk til dugnadsgjengen som legg ned mange, mange, mange timar for å legge forholda til rette for at kvinnheringane skal få ein uforgløymeleg tur.

Dette er verkeleg ein 1. søndag i advent som gikk rett i minneboka.