Wattn kvinneherad refleks min

Aktuelt

06. desember, 2023

Refleks til alle førsteklassingar i Kvinnherad

Gjennom ei årrekke har tidlegare Vestlandsenergi/Kvinnherad Energi, saman med politiet, reist rundt og delt ut refleksvestar til alle førsteklassingane i Kvinnherad kommune. No er tradisjonen vidareført inn i Wattn, og vi var ute å møtte dei spente skuleborna.

Vi kan med handa på hjarte seie at det er lite som er så kjekt som å sjå dei store trillrunde auga til førsteklassingane når politiet set på blålysa, og kor glad dei blir når dei får kvar sin skinnande refleksvest til odel og eige.

Tusen takk til skulane og borna for den varme velkomsten, og ei ekstra takk til politiet som tar seg tid til slikt førebyggjande arbeid i ein hekstisk kvardag.

Og hugs: Bruk refleks!