-Vi merkar at kundane spør etter meir informasjon om korleis vi jobbar når det gjeld berekraft. Då kan vi seie at fabrikkane i Norge kun har energi frå fornybare kjelder, og vi kan dokumentere det gjennom eit universelt språk som det eit EU-sertifikat er.
Solveig Gaundal er Compliance and Sustainability Manager i Ekornes. Bedrifta er ei av stadig fleire som har kjøp grønt sertifikat og fått opphavsgaranti med Tafjord. Ekornes har gjort det for alle fabrikkane i Norge; dei tre i Sykkylven, på Groås og i Fetsund.
-Og det er klart at for oss som norsk produsent som gjerne marknadsfører oss med den fantastiske naturen på Sunnmøre, med høge fjell og djupe fjordar, så er det ekstra kjekt å kunne seie at krafta er frå Tafjord.
Berekraft styrkar merkevara
Gaundal fortel at Ekornes ynskjer å bli leiande innan berekraft i sin bransje.
-Grønt sertifikat og stadig arbeid - med god hjelp av Tafjord EnergiArena - for å kunne straumforbruket, gjer at vi merkar oss ut. Deter ikkje så mange av våre direkte konkurrentar som eksempelvis har opphavsgaranti på straumen.
Men det har ein pris å kjøpe slike sertifikat?
-Det kostar lite for å kunne seie at vi produserer våre produkt med hundre prosent rein energi.
På sine nettsider og i Ekornes-studio verda over, seier Ekornes "100% clean-energy".
-Vi ynskjer ikkje å drive med grønvasking og tomme ord. Grønt sertifikat er ein opphavsgaranti som vi trygt kan løfte fram, og det styrkar merkevara at vi tek eit klart standpunkt innan berekraft.
Gaundal trekk også fram fordelane ved å vise at ein er norsk og at ein gjennom grøne sertifikat er med på å bidra til utvikling av fornybar kraftproduksjon.
Dokumentasjon på null utslepp og grønt klimaavtrykk
Camilla Blom, leiar for bedriftsmarknad i Tafjord Marked, fortel om stadig større interesse for grøne sertifikat blant bedriftskundar.
-Det er positivt for miljø og klima, men det er også positivt for den enkelte bedrifta. Ved kjøp av opphavsgaranti kan bedrifta rapportere nul Co2-utslepp på energiforbruket, noko som er verdifullt i merkevarebygging og i møte med fleire og fleire kundar som ser etter klimaavtrykket til bedriftene når dei skal bestemme kvar dei skal handle.
Ved kjøp av opphavsgaranti er ein også med på å sikre produksjonen av fornybar kraftproduksjon ved at pengane går tilbake til produsentar av fornybar energi.
Kundehistorier
Ekornes bygger Stressless med grønn energi
Stressless vert produsert med rein, grøn kraft og får med det positiv drahjelp i ein marknad der stadig fleire etterspør berekraftige produkt.
Fakta om opphavsgaranti
Grønt sertifikat og elsertifikat er det samme. Det er eit bevis på at bedrifta di brukar fornybar kraft samtidig som du investerer i og bidreg til å auke produksjonen av fornybar kraft. Ordninga blei innført med EU sitt første fornybardirektiv for å gje forbrukarane eit valg mellom fornybar kraft og ikkje-fornybar kraft.
Kraftleverandørar som tilbyr grøne sertifikat må kunne gje ein opphavsgaranti. Opphavsgaranti er ei merkeordning for elektrisitet for å vise straumkunden at ei mengde kraft er produsert frå ein spesifisert energikilde. Vi gir garanti heilt ned til spesifikke og navngitte kraftverk.
Dei grøne sertifikata vert omsett på børs, og prisen følgjer etterspørselen der. Sett i lys av den viktige støtta sertifikata gir til fornybar kraftproduksjon, og marknadsføringsverdien dei gir til bedriftene som kjøper dei, har dei generelt sett ein veldig lav pris.
Dei gode historiene fortset i Wattn
Ekornes var kunde av Tafjord Marked før samanslåinga, og kundehistoria er eit resultat av det og står difor i Tafjord Marked sitt namn. Vi er stolte, og utruleg glade over å vidareføre det gode samarbeidet i Wattn.