×

Viktig informasjon til appbrukarane våre! Vi har for øyeblikket litt tekniske problem med prognosevisninga for pris for nokre av kundane våre. Vi jobbar på spreng med å løyse problemet, og beklagar dei ulempene dette medfører.

Artikkelbanner effektvarsel 2000x700

Straum

Effektvarsling - ta kontroll over nettleiga di

No skal alle netteigarar innføre den nye nettleigemodellen. Målet er at vi skal bli flinkare til å fordele straumforbruket vårt utover dagen for å unngå «rushtid» på linjene. Så la oss prøve å enkelt forklare korleis du kan sikre deg lågast mogleg nettleige med den rette kunnskapen og verktøya.

Kva betyr det?
Den nye nettleigemodellen består av eit kapasitetsledd og eit energiledd, og opnar for at du kan ta meir kontroll over desse ved å jamne ut forbruksmønsteret ditt. Kapasitetsleddet vil ha ulike pristrinn og vert påverka av månadsmaksen din, mens energileddet er den prisen du betalar per kWh.

Altså, prisen på kapasitetsleddet kjem an på månadsmaksen som netteigaren din set på bakgrunn av dei tre høgaste timane over tre dagar førre månad. Nokre nettselskap brukar også berre den høgste forbrukstimen. Uansett bør du unngå ein høg månadsmaks ved å fordele forbruket ditt utover dagen. Ikkje lade bilen, vaske kle, lage middag osv. på same tid.

Energileddet derimot er den prisen du betalar per kWh du brukar. Med den nye modellen betalar du mindre i helgane og mellom klokka 22 og 06 på vekedagane. Det betyr at du kan redusere nettleigeprisen ved å flytte noko av forbruket ditt. Her er det viktig å presisere at vi ikkje anbefaler å bruke elektriske apparat om natta med tanke på branntryggleik.

Så korleis kan du spare?
I appen vår kan du aktivere eit effektvarsel. Du får oversikt over historiske månadsmaksar og du kan velje ei grense for kva du har som mål at ditt høgaste timeforbruk skal vere, altså din månadsmaks. Når du er i ferd med å passere denne grensa, eller har passert denne grensa, vil du få tilsendt eit varsel i appen. Har du WattMeter i sikringsskapet får du varsel 30 minutt inn i ein time om at du kan passere grensa di om du fortset med same forbruk ut timen.

Men er det eigentleg noko å spare..?
Absolutt! Ved å ta bevisste val og jamne ut forbruket ditt kan du altså spare pengar på nettleiga dersom du brukar straumen smart!

Her kan du lese meir om effektvarsling

Få effektvarsling i sanntid med WattMeter

Les meir om WattMeter