

Angrerett og retur
I følge lova om opplysningsplikt og angrerett ved fjernsal og sal utanom faste forretningslokaler, har du rett til å angre på eit kjøp du har gjort. Angreretten forutset at du innan 14 dagar etter du har motteke leveringa, varslar oss om at du ønsker å nytte deg av angreretten din.
Det er viktig at du varslar oss om at du ønsker å nytte deg av angreretten din. Det enklaste er at du tek kontakt med oss direkte via nettsidene våre, på e-post eller telefon.
Angreretten gjeld sjølv om du har brote emballasjen. Dersom produktet er skada eller ikkje lenger er fullstendig, og skaden skyldast handteringa di av produktet har vi rett til erstatning for skaden som er påført.
Produkta du brukar angreretten din på, skal returnerast til oss innan rimeleg tid, og seinast to veker etter at du informerte oss om at du ønska å nytte deg av angreretten.
For WattMeter tilbakebetaler vi alle betalingar vi har fått frå deg, medrekna leveringskostnadane med unntak av tilleggskostnadar som følgje av at du har
valt ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering vi tilbyr, så snart vi har motteke produktet i retur, eller ei kvittering på at vara er sendt tilbake.
Returseddel for WattMeter finn du vedlagt i eska,. Dersom du har kasta denne, eller av anna grunn ikkje nytter deg av vedlagt returseddel, må du dekke returkostnadane sjølv.
For elbil-ladar må du kontakte installatøren din.
Produktet skal returnerast i like god stand som då du mottok det.