Sikker ladeboks som passar for alle elbilar
Zaptec har kombinert skandinavisk design med banebrytande norsk teknologi og skapt den minste og smartaste elbilladaren i verda, testvinnande Zaptec Go. Den lar deg lade elbilen din trygt heime med den høgaste standarden for sikkerheit, og 5 års garanti. Zaptec Go vart kåra til beste elbillader i NAF sin test av heimeladarar i 2022.
Hos oss kan du bestille den med eller utan installasjon og få Smart elbillading inkludert. Du kan også betale ned elbilladaren over straumrekninga.
Bestill Zaptec Go frå kr 7 490
Utforsk Zaptec
Liten, lett og passer for alle
Zaptec Go passer alle elbilar. Elbilladaren tilpassar maksimal lading til bilen sin kapasitet og har stort fokus på brukarvennlegheit. Med ein størrelse som ein digital tablet tar Zaptec minimalt med plass i garasjen. Den er heile 80 % mindre og lettare enn ein tilsvarande ladar på marknaden.
Made in Norway
Elbilladaren er designa, utvikla og produsert i Norge med tradisjonelt skandinavisk design estetikk og banebrytande norsk teknologi. Denne ladaren er laga for norske forhold og bygd for å vare. Lenge.
Ladar superraskt
Med ein kapasitet på opptil 22kW, gir dette deg ei køyrelengde på omlag 100 km etter kun ein time med lading.
Marknaden sin sikraste ladar
Zaptec Go gjekk av med sigeren i NAF si samanlikning av elbilladarar. Ladeboksa oppfyller alle sikkerheitskrav fullt ut. Les meir på zaptec.no
Nedbetaling
Våre Zaptec Go pakkeløysingar kan betalast ned over straumrekninga, 1-3 år.
Frå 475 kr/mnd i 3 år
for Zaptec Go ladeboks inkl. installasjon
Betal med ein gong
Våre Zaptec Go pakkeløysingar kan betalast med ein gong.
Frå kr 15 990
for Zaptec Go ladeboks inkl. installasjon
Berre ladar
Kjøp berre Zaptec Go ladeboks.
Frå kr 7 490
Teknisk informasjon
Mål og vekt
H: 242 x B: 180 x D: 75
1,3kgInstallasjonskrets
Maks. 40 A sikring på installasjonskrets for ladestasjonar
Installasjonsnett, Spenninger
TN, IT og TT
230 VAC ± 10 %
400 VAC ± 10 %
Maks. straum- og ladeuttak
22 kW ved 32 A/3-fase (TN-nettverk)
12,7 kW ved 32 A/3-fase (IT-nettverk)
7,4 kW ved 32 A/1-fase IT/TN
Ladekontakt
IEC 62196-2 Type 2 Hunn
Elektronisk lås, kan bli låst permanent av brukaren
Jordfeilvern
RDC-DD 6 mA i samsvar med IEC 62955.
Elektronisk, automatisk tilbakestilling ved å sette Type 2-kabelen inn på nytt
Energimåling
Integrert 3-fasa energimålar
~1 % nøyaktighet på strømmålingar
Kommunikasjonsgrensesnitt og skytilkobling/nettverk
4G LTE-M
WiFi 2,4 GHz, IEEE 802,11 b / g / n
(kanal 1–11)
HMI, Identifikasjon og konfigurasjon
Bluetooth Low Energy (BLE 4,1) RFID/NFC-leser – Mifare Classic, Type A – tilgjengelig Q2/Q3 2021 RGBW LED-sirkel for enhetsstatus 1,2 W ved bruk i standby
Standarder og godkjenninger
CE-samsvar i henhold til IEC 61851-1: 2017 og IEC 62955, og radioutstyrsdirektivet 2014/53/EU og ROHS-direktivet 2011/65/EU
Temperaturområde
-30 °C til +40 °C
Grad av beskyttelse
Beskyttelsesklasse II (4 kV AC og 6 kV impuls, isolasjon) Overspenningskategori III (4 kV)
Programvaregrensesnitt tilgjengelig
Zaptec App
Wattn App
Proppa med teknologi
Zaptec har proppa Zaptec Go med teknologi av første klasse. Alltid tilkobla WiFi og 4G LTE-M vert Zaptec Go oppdatert automatisk med dei siste funksjonane og oppdateringane sjølv. Ganske sytalaust.
Ofte stilte spørsmål om Zaptec Go
- Kvifor bestille Zaptec Go inkl. installasjon?
Når du bestiller Zaptec Go frå oss kan du bestille med eller utan installasjon. Bestiller du med installasjon tek vi jobben med å kontakte og bestille installatør for deg.
I dag har vi samarbeid med Elfag, Bravida og Tussa Installasjon. Ein av desse vil ta kontakt med deg for å gjennomgå installasjonen med deg. De blir enige om tidspunkt, og eventuelt andre hensyn som må takast i din bustad.
Gjennom samarbeidet vårt med installatør har vi kome fram til ein «standardinstallasjon». Skulle det krevjast anna utstyr, materiell eller meirarbeid utover det som ligg i denne pakken blir du og installatør einige om dette i forkant. Tilbodet er alltid heilt uforplikta fram til totalprisen med installatøren er godkjent av deg.- Kva ligg i ein "standardinstallasjon"?
Hos oss inneheld standardinstallasjon dette:
- Ladeboks Zaptec Go (standardfarge: asphalt black)
- 15 meter kabellengde frå sikringsskap til ladeboks
- 50 km reiseavstand tur/retur frå installatør
- Installasjon og idriftsettelse av ladeboks opptil 32A 3-fase (22 KW)
- Drilling av 2 hol i tre- eller murvegg
- Dokumentasjon på installasjon i boligmappa
Tilbodet er uforpliktande fram til totalpris med installatør er godkjent av deg
- Kven er samarbeidspartnar på installasjon?
I dag har vi samarbeidsavtale med Elfag, Bravida og Tussa Installasjon.
- Er det nokon føresetnadar i høve installasjon?
Nokre føresetnadar ligg til grunn for installasjon:
- Eksisterande overspenningsvern i sikringsskapet og kapasitet i det elektriske anlegget
- Enkel og ryddig adkomst til installasjonsstad
- Graving, luftstrekk og tildekking er ikkje inkludert
- Nokre nettselskap har ei begrensing på installasjon av elbil-ladarar over 16A, eller 3,68 kW kapasitet, og kan krevje godkjenning. Installatør tek dette direkte med nettselskapet, men avhengig av nettselskap og type leveranse kan det oppstå lengre leveringstid og ekstrakostnadar.
- Er det i tillegg i pris for farge?
Det er eit tillegg i pris på 299,- dersom du ønsker ein annan farge enn standard, asphalt black.