
Kva var motivasjonen for å delta på Bootcamp i berekraftsrapportering?
«Motivasjonen var å få ei praktisk og konkret innføring i krav og standardar for berekraftsrapportering, ettersom dette er vår aller første rapport. Vi rekna deltaking på bootcampen som ein viktig motivasjonsfaktor og ein god start for arbeidet. Vi ønsket både å få verdifull innsikt i rapporteringsprosessen og nytte høvet til å utveksle erfaringar med andre aktørar. På denne måten kan vi styrkje dei interne prosessane våre for datainnsamling og rapportering, og leggje eit solid grunnlag for berekraftsarbeidet vårt.»
Kva synes de om innhaldet og gjennomføringa?
«Bootcampen var inspirerande og lærerik, og har gitt oss eit solid grunnlag. Innhaldet var nyttig, og vi fekk mange gode malar og verktøy som vi kan bruke framover. Foredragshaldarane var engasjerte, fagleg dyktige og formidla temaet på ein veldig god og forståeleg måte. Etter enda kurs har vi fått ei mykje tydelegare forståing av korleis vi kan samle inn nødvendige data meir effektivt, noko som vil spare oss for tid i framtida.»
Vi håpar jo alltid på den store A-ha-opplevinga, hadde de nokon?
«Det som overraska oss mest, var kor mykje vi fekk gjort i løpet av desse to dagane, og at vi faktisk sit igjen med vår første berekraftsrapport. Tida vart utnytta effektivt, men utan at det kjendest stressande. Dialogen med andre deltakarar gav oss verdifulle innspel på tvers av bransjar – mange problemstillingar er felles uavhengig av sektor.»
Kva effekt tenker de at arbeidet de gjorde på bootcampen vil ha å seie for bedrifta framover?
«Ein sentral effekt av arbeidet vårt på bootcampen er at vi no kjenner oss betre rusta til å møte forventningane frå kundar, leverandørar og styresmakter på ein meir proaktiv og profesjonell måte. Vi har fått ei djupare forståing for korleis berekraftsrapportering kan integrerast i den overordna strategien vår, og dette gir oss eit solid fundament for vidare arbeid. Samtidig har vi fått eit godt grunnlag for å setje konkrete mål for neste års rapportering, og vil dermed kunne forbetre prosessen kontinuerleg.»
Kva ville de sagt til bedrifter som vurderar å delta?
«Vi hadde ei veldig positiv oppleving og vil absolutt anbefale dette til andre bedrifter.»
Har de nokre tips til forbedringspunkt til oss?
Aas Mek. Verkstad AS hadde ingen konkrete forslag til forbedringar, men håpar at Bootcamp i Bærekraftsrapportering blir ein fast arena for utveksling av erfaringar og kunnskap framover.
Vi syntest det var veldig kjekt å ha Aas Mek. Verkstad AS med oss på bootcampen. Er bedrifta di klar for å ta det første steget mot ein profesjonell berekraftsrapport? Les meir om vår Bootcamp i berekraftsrapportering eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.