Aktuelt
Berekraftsrapportering oppå alt anna
Når dagane, vekene og månadane er fulle av å gi økonomisk rådgiving, kundebesøk, fakturering, lønnskøyring og mykje meir er det utfordrande å setje av tid til å starte med berekraftsrapportering. Samtidig ser dei tilsette at krava til berekraft og berekraftsrapportering til næringslivet aukar, og i det ligg det moglegheiter.
Økonomiservice AS er eit autorisert rekneskapsbyrå som held til på Sjøholt, tillegg eig dei rekneskapsbyrået Økonsult AS. I tillegg til å føre rekneskap for over 300 kundar innanfor fleire ulike bransjar, alt frå industri bedrifter til restauranter hjelper dei også med tenester som hjelp til styrearbeid, årsoppgjer, avvikling av selskap og mykje meir. At dagane går raskt, forstår vi godt.
Julia, Ida og Roar deltok i vår Bootcamp i berekraftsrapportering, og vi tok oss ein liten prat med dei for å høyre om kva som var motivasjonen bak dette, og ikkje minst om kva dei synest om dei to intensive dagane på kontoret vårt i Ålesund.
Kva var bakgrunnen til at de melde dykk på bootcampen?
- Vi ser at det er meir og meir krav til berekraft i bedrifter og generelt i næringslivet. Sidan vi har liten kunnskap og erfaring med berekraft så tenkte vi at denne bootcampen var ei gyllen moglegheit til å lære meir om dette. Vi er ei tenestebedrift og målet med bootcampen er å kunne hjelpe kundane våre med berekraftsrapportering i framtida.
Vi er sikkert samde i at det var to intense dagar, kva synest de var det beste med bootcampen?
- Det beste var at det var veldig konkret og dermed har vi fått meir forståing av kor viktig det er med berekraft.
No er det ikkje lenge sidan vi gjennomførte bootcampen, men har det endra måten de jobbar med berekraft?
- Bortsett frå berekraftsrapporten for 2023 som vi lage på bootcampen, har vi ikkje kome ordentleg i gang endå. Når det er sagt må vi legge til at vi har nokre klare tankar om kvar vegen vidare skal gå.
Vil de anbefale bootcampen til andre bedrifter, og i så fall kvifor?
- Ja vi vil anbefale bootcampen til andre, fordi foredragshaldarane var så engasjerte og konkrete. Vi ser kor viktig det er å tenke berekraft i bedriftene, og vi ser at samfunnet set meir og meir krav til det. I staden for å drive med sjølvlæring så lærer ein mykje på kort tid. På ein slik bootcamp har ein høve til å stille spørsmål når ein står fast og ein får god hjelp og rettleiing av foredragshaldarane, fortel Ida og Julia.
Relevante artikler
IP Huse: Kvalitet i alle ledd
Aktuelt
Hos IP Huse er det kvalitet, presisjon og innovasjon som har vore styrande for utviklinga i selskapet i over 100 år. Som ein leiande aktør innan design og produksjon av vinsjesystem for offshoreindustrien, har dei alltid hatt eit blikk for framtida.
Fra ISO 14001 til bootcamp i berekraftsrapportering
Aktuelt
Berekraft er eit veldig breitt felt som kan vere utfordrande å navigere i, sjølv for dei som har teke mange viktige miljøgrep. I ein hektisk kvardag er det ofte ikkje tid til å nerde ned i detaljane som vil auke forståinga for dei oppgåvene ein skal til å løyse.