Wattn bedrfit NMK Breeam in use 2 min

Aktuelt

10. desember, 2024

Berekraftig drift er lønsamt for Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK)

Som det første bygget i Møre og Romsdal med BREEAM In-Use Excellent-sertifisering, set NMK ein ny standard for berekraftige bygg i regionen. Prestasjonen er eit bevis på at berekraftsarbeid løner seg.

– Prosessane knytte til BREEAM-sertifiseringa viser at berekraftige val lønner seg. Både på kort og lang sikt, seier Kaj Westre, administrerande direktør i NMK. – Gjennom målretta arbeid optimaliserer vi drifta slik at ho blir meir berekraftig samtidig som vi gjennom dette arbeidet også klarer å redusere driftskostnadene. Dette aukar verdien av bygget og skaper eit betre miljø for både tilsette og leigetakarar, legg han til.

Både først og best i regionen
Å oppnå BREEAM In-Use Excellent er ein prestasjon i seg sjølv, men får ekstra kraft i Møre og Romsdal, der NMK førebels er åleine om denne rangeringa. Bygget er dermed eit førebilete når det gjeld ansvarleg eigedomsdrift og kan skilte med at dei er blant dei mest berekraftige bygga i Noreg. Allereie i 2021 var NMK i gang med BREEAM-sertifiseringa og dei oppnådde den gongen sertifiseringa “Very Good”, hakket under “Excellent”. Saman med BREEAM In Use-revisor Rune Jelle-Slenes i Wattn har dei jobba målretta for å klatre oppover. 

– Dette er ein “trippel win”! Vi sparar pengar, tar vare på miljøet og skapar betre arbeidsforhold, forklarar Kaj.

Wattn har lokal kompetanse
Wattn har fungert som både rådgivar og revisor gjennom prosessen. Rune, sertifisert BREEAM In-Use-revisor og sivilingeniør innan energi og miljø, har bidrege med den tekniske kompetansen og erfaringa si: – Vi i Wattn ønsker å gjere det enklare for aktørar som NMK å lykkast med berekraftsarbeidet. Med rett rettleiing kan små tiltak føre til store forbetringar, seier Rune. Wattn si lokale forankring har også vore ein fordel, ifølge Westre. – Det har vore avgjerande å ha ein samarbeidspartnar med kortreist kompetanse som vi kan sparre med. Det har senka terskelen for å komme i gang og oppnå resultata vi ønskte.

Berekraftig vekst
BREEAM In-Use-sertifiseringa gir meir enn berre miljøgevinstar. Den dokumenterer kvaliteten på bygget og gjer det meir attraktivt for leigetakarar, samtidig som det gir tilgang til grøne lån og gunstige finansieringsordningar. – Dette er ei investering som gir avkastning. NMK har ikkje berre redusert energikostnadene, men også styrkt marknadsverdien og posisjonen til bygget som ein attraktiv arbeidsplass, seier Rune. 

Verdifulle tiltak
For å oppnå Excellent-nivået har NMK gjennomført tiltak som har fleire miljømessige og økonomiske fordelar. Blant anna:

  • Energieffektivisering: NMK får igjen for gode val som har vorte tekne gjennom åra. I tillegg til ein byggkonstruksjon som har lite energibehov, så er bruk av innvendig og utvendig solskjerming noko som senkar behovet ytterlegare, og som aukar brukarkomforten. Styring og måling av energiforbruk er noko av det som gir mest gevinst både økonomisk og miljømessig. Vidare er mogleg investering i solcellepanel eller varmepumper, noko som vil løfte NMK ytterlegare.
  • Avfallshandtering: Ved NMK er det 100% kjeldesortering og det er opp i 18 fraksjonar. Betre sortering og installasjon av pappresse har redusert både avfallsmengda og transportbehovet samtidig som det er økonomisk lønsamt. I tillegg har dei eigne rom for oppbevaring av materiell som kan gjenbrukast i bygget.
  • Forbetra innemiljø: Fokus på luftkvalitet, naturleg lys og ergonomi har auka trivselen og produktiviteten for dei som bruker bygget.
  • Vassparande teknologi: Smarte løysingar som sensorkraner og lågspylande toalett, kraner og dusjhovud har redusert vassforbruket betrakteleg.
Rune Jelle-Slenes

Rune Jelle-Slenes

Teknisk KAM

99 39 95 76rune.jelle-slenes@wattn.no

Inspirasjon for andre
NMK ønsker å inspirere andre eigedomsaktørar til å ta berekraftige val som lønner seg. Westre har klare råd til dei som vurderer BREEAM-sertifisering. – Start med små tiltak som gir økonomisk gevinst. Involver teamet ditt og skap eigarskap til prosjektet. Berekraft handlar ikkje berre om miljø, men også om lønnsemd og trivsel, seier han.

Rune i Wattn legg til at BREEAM In-Use gir ei tydeleg ramme for arbeidet: – Sertifiseringa er ein mal som gjer det lettare å jobbe strukturert med berekraft. Vi i Wattn kan hjelpe til med å navigere i prosessen og identifisere tiltak som gir størst effekt.

Ambisjonar for framtida
Med Excellent-statusen på plass, er NMK og Westre klare for neste steg. Målet er no å strekke seg mot "Outstanding" og å klatre til energiklasse A. Dette krev kontinuerleg forbetring. – Berekraft er ikkje ei eingongsinvestering. Det er noko vi må jobbe med kvar dag, forklarer Westre. 

Om det er verd det? Ja, for oss er det i alle fall lønnsamt, konstaterer han.

Lær meir om Breeam In-Use