Wattn-profil-gradient-lys

Pris­var­sel

Få prisvarsel på SMS og e-post

Lågprisvarsel

Lågprisvarsel varslar deg når straumprisen er ekstra låg, eller negativ. Viss morgondagens timepris er vesentleg lågare enn dagens gjennomsnitt, tek du imot eit lågprisvarsel. Vi varslar også alltid når spotprisen er negativ.

Ekstremprisvarsel

Ekstremprisvarsel varslar deg når straumprisen er ekstra høg, slik at du kan tilpasse forbruket ditt og spare pengar. Viss morgondagens høgaste timepris er vesentleg høgare enn dagens gjennomsnitt, sender vi eit ekstremprisvarsel.

Budsjettvarsel

Ønsker du å ha full oversikt over dei månadlege utgiftene dine? Då er budsjettvarsel perfekt for deg. Du vil få varslar når du nærmar deg budsjettgrensa di, slik at du kan ta nødvendige steg for å unngå å overskride ho. Budsjettvarsla våre blir sende maksimalt éin gong i månaden.

Månadsmaksvarsel

Noko av kostnaden knytt til nettleige blir basert månadsmaksen din som er gjennomsnittet av dei tre høgaste timane dine med forbruk på ein månad. Aktiver månadsmaksvarsel for å kunne fordele straumforbruket ditt jamt utover dagen og unngå høge kostnader. På den måten kan du spare endå meir.

Les meir om månadsmaks

Greitt å vite om prisvarsel

Kvifor betale for prisvarsel, når push-varsel er gratis?

Nokon set pris på pushmeldinger, medan andre føretrekkjer alternativ som e-post og SMS. Prisvarsel er skreddarsydd for dei som ønskjer å få varsel via e-post eller SMS, eller for dei som ønskjer å bruke dei som eit tillegg når dei skal ta avgjerder basert på straumprisane.

Priser og vilkår

Tenesta kostar 9 kr/mnd. E-postvarslingar er inkluderte utan ekstra kostnad, medan SMS-varsel har ein pris på 3 kr frå den første meldinga.

Slik aktiverer du prisvarsel

Du aktiverer tenesta direkte i appen, under "Prisvarsel" på framsida. Når du har aktivert ho, tilpassar du kva varsel du ønskjer å få og korleis – anten det er SMS eller e-post, eller begge deler.

Slik avslutter du tjenesten

Du kan enkelt seie opp tenesta når som helst via appen. Naviger til "Prisvarsel" på framsida og deaktiver tenesta.