Effektvarsling
Bruk straumen smart - spar pengar på nettleiga!
Forbruksmønsteret ditt på straum er avgjerande for kva nettleige du skal betale. Målet er at vi skal bli flinkare til å fordele straumforbruket vårt utover dagen for å unngå «rushtid» på linjene.
Det betyr at ved å ta bevisste val og jamne ut forbruket ditt kan du spare pengar på nettleiga dersom du brukar straumen smart. Eit smart tiltak er å ta i bruk effektvarsling i appen vår.
Aktiver effektvarsling i appen
I appen er det lagt til rette for at du kan aktivere det som vert kalla effektvarsel. Då set du sjølv ei grense for kva ditt høgaste timeforbruk skal vere, altså din månadsmaks, og så vil appen varsle når du er i ferd med å passere denne grensa (med WattMeter), eller om du har passert grensa (utan WattMeter).
For å få varselet i den timen du er i ferd med å overstige grensa di må du ha WattMeter.
Har du ikkje WattMeter får du varsel etter at du har passert grensa. Varselet kjem då dagen etter så fort vi har fått timeverdiane dine frå nettselskapet.
Få effektvarsling med WattMeter
Effektvarsling i appen, med og utan WattMeter
Med WattMeter
Med WattMeter får du varsel når du er i ferd med å nå grensa du har valt.
Har du for eksempel satt grensa di til effektvarsel før 5 kW vil du får eit varsel 30 minutt inn i ein time om at du vil passere satt verdi om du held fram med same forbruk ut timen. Dette gir deg sjansen til å reduserer forbruket resten av timen for å unngå å passere gitt grense.
Utan WattMeter
Utan WattMeter vil du få varsel dagen etter at du har nådd grensa du har satt.
Dersom nettselskapet ditt reknar ut månadsmaksen basert på gjennomsnittet av dei 3 høgste forbrukstimane i månaden kan du sørge for lågare forbruk per time resten av månaden for å halde deg under grensa du har satt.
Meir om nettleigemodellen
Kva betyr den nye nettleiga for meg?
Den nye lettleigemodellen består av to delar; eit kapasitetsledd (fastledd) og eit energiledd. I tillegg kjem avgifter til staten.
Den nye ordninga opnar for at du kan ta meir kontroll over kapasitetsleddet ved å sikre at du har eit forbruksmønster som ikkje er med på gi "rush" på linjene.Om kapasitetleddet
Kapasitetsleddet er fastprisen du betalar kvar månad. Denne vert satt på bakgrunn av forbruket ditt førre månad.
Ønsker du å betale lågast mogleg for kapasitetsleddet må du unngå ein høg månadsmaks. Det vil seie at du må fordele forbruket ditt utover dagen. Så det kan vere smart å ikkje lade bilen, vaske kle, lage middag osv. på same tid.Om energileddet
Energileddet er ein pris du betalar per brukt kWh. Her er det også pengar å spare.
Frå 1. juli betalar du mindre per kilowattime i helgane og mellom klokka 22 og 06 på vekedagane. Det betyr at du kan redusere nettleigeprisen ved å flytte noko av forbruket ditt til helgar og seint på kvelden eller natta dei andre dagane.
Men hugs at du alltid må vere våken og til stades når du brukar elektriske apparat med tanke på branntryggleik.Kjekt å vite om månadsmaks, kapasitetsledd og pris
Nettselskapet finn månadsmaksen din ved å ta gjennomsnittet av dei 3 høgste timane på 3 ulike dagar førre månad. Dette er bransjestandarden som dei fleste nettselskap vil bruke. Nokre nettselskap brukar berre den høgste forbrukstimen førre månad.
Prisen for kapasitetsleddet er sett opp trinnvis og kan variere frå nettselskap til nettselskap. Meir informasjon om prisar for nettleige finn du på nettsida til det lokale nettselskapet ditt.
Eit eksempel
La oss prøve å forklare dette med eit konkret eksempel:
Du ser i appen at for bustaden din har du i juni 2022 hatt dei 3 høgste forbrukstimane den 6. juni med 8,2 kW, 7. juni med 7,2 kW og 13. juni med 9,4 kW. Snittet av desse tre timane vert 8,3 kWh.
Nettselskapet ditt har desse pristrinna for kapasitetsleddet:
Månadsmaks 0-2 kW: 173 kr/mnd.
Månadsmaks 2-5 kW: 216 kr/mnd.
Månadsmaks 5-10 kW: 259 kr/mnd.
Månadsmaks 10-15 kW: 431 kr/mnd.
For deg vil det difor seie at du bør ha eit mål om å halde deg på ein månadsmaks under 10 kW. På det kan du spare over 2 000 kroner i året kontra å ha ein månadsmaks kvar månad på over 10 kW.
Ver oppmerksam på at pristrinn varierer frå nettselskap til nettselskap, prisar som gjeld for deg og ditt område finn du på nettselskapet ditt si nettside.