Elbillading for bedrifter,
burettslag og sameige
Praktisk fakturaløysing for større ladeparkar
Vi tilbyr ei praktisk fakturaløysing til bedrifter, burettslag og sameige med større ladeinstallasjonar av Zaptec Pro elbilladarar. Løysinga vår gjer det enkelt for alle bebuarar å betale for elbillading i ladeparken gjennom straumrekninga si.
Når ein bebuar ladar elbilen sin med ein av ladarane eller ei ladebrikke i ladeparken, vil vi kunne fakturere for den faktiske mengda straum kvar bebuar bruker. Alle som er registrerte med fakturaløysinga vår, blir automatisk medlem av ladeparken. Straumavtalen er spotpris time for time, pluss eit påslag.
Kontakt oss for meir informasjon
Full kontroll over ladeparken
Bedrifta, burettslaget eller sameige som eig ladeparken definerer kven som kan vere medlemmer. Det kan vere alle, eller berre dei med behov for elbillading.
Den som er ansvarleg for ladeparken nyttar ei nettside der alle tilgangar blir administrert. Her kan ein enkelt leggje til eller endre RFID-brikker, og dessutan invitere nye bebuarar til å bli kunde om dei ønsker.
Nettleiga blir gjennomfakturert, for dei nettselskap vi har avtale med, og fordelt til kvar enkelt bebuar basert på det individuelle forbruket deira. Eventuelt resterande forbruk, som ikkje er relatert til elbillading, blir fakturert til den som er ansvarleg for anlegget.
Zaptec PRO elbilladar
Zaptec Pro er den beste måten å lade opp til tur på, uansett kva elbil du køyrer eller kvar du skal. Zaptec ladesystem bruker all tilgjengeleg kapasitet og distribuerer det mellom ladestasjonane. Ein smart og effektiv ladestasjon for større parkeringsplassar i burettslag og sameige, bedrifter og nybygg. Med 22 kW straum kan du lade elbilen din til ei køyrelengd på 110 km på berre éin time.
Dette er fakturaløysinga
Straumavtalen
- Spotpris time for time, pluss et påslag
Månadsbeløp
- Månedsbeløpet er på 49 kr/mnd. Dersom bebuar ikkje er kunde hos Wattn på eiga leilegheit, er månadsbeløpet 79 kr/mnd
Nedbetaling over straumrekninga
- Forbruk på lading i ladeparken blir fakturert over straumrekninga til kvar enkelt.
Nettleige
- Nettleien blir gjennomfakturert, for dei nettselskap vi har avtale med, og fordelt til kvar enkelt bebuar basert på individuelt forbruk.
Oppstart
- Vi kan starte med fakturaløysinga med ein gong om de allereie har installert Zaptec Pro-ladarar. Er de ikkje heilt klare endå, kan vi gi eitt komplett tilbod på Zaptec Pro-ladarar inkl. installasjon. For burettslag og sameige kan kvar enkelt bebuar også kjøpe og få sett opp eigen ladar.
Anna
- Løysinga gjeld kun for Zaptec Pro-ladarar. Vi tilbyr også nedbetalingsløysingar for Zaptec PRO på inntil 3 år om ønskeleg.
Kontakt David for meir informasjon og bestilling
David Jørgensen
Bedriftsrådgivar, ansvarleg elbilladar bedrift/burettslag
97 34 05 14david.jorgensen@wattn.no