BREEAM In-Use
Auk eigedomsverdien og marknadsetterspurnaden på bygget ditt, samtidig som
du reduserer driftskostnadene med ein Breeam In-Use sertifisering
Berekraft i praksis
Sertifiseringa dokumenterer kvaliteten i bygget ditt, og avdekker område for energisparing og ressursoptimalisering. Dette fører ofte til lågare kostnader på straum, vatn og vedlikehald. Bygg som er sertifiserte etter BREEAM In-Use har ofte høgare marknadsverdi. Dei kan vere meir attraktive for leigetakarar og investorar som søkjer berekraftige løysingar, og samtidig gi tilgang til grøne lån.
Totalt sett gjer BREEAM In-Use det enklare for bygningseigarar å drive berekraftig, oppnå kostnadsinnsparingar og byggje eit positivt omdømme – alt dette samtidig som dei bidreg til miljøvennlege bygg.
Kva er BREEAM In-Use?
BREEAM (Building Research Establishment Environmental Assessment Method) blir brukt som eit vurderingssystem for å klassifisere bygningar og byggjeprosjekt basert på den miljømessige berekrafta deira. Dette er ein av dei mest anerkjende og brukte miljøsertifiseringane for bygg og anlegg i verda.
Ei BREEAM-sertifisering evaluerer ulike aspekt ved ein bygning, inkludert energieffektivitet, vassforbruk, materialval, avfallshandtering, innandørs miljøkvalitet og økologisk bevaring. Sertifiseringa er delt inn i seks nivå: Pass, Good, Very Good, Excellent og Outstanding. Jo høgare nivå, desto meir berekraftig og miljøvennleg er bygninga. Bygg som får under 30 % kvalifiserer ikkje til BREEAM sertifisering.
Rune hjelper deg med sertifiseringa
Rune har lang erfaring med å hjelpe bedrifter i prosessen med BREEAM In-Use-sertifisering. Kor omfattande arbeidet blir, avheng i stor grad av kvaliteten på dokumentasjonen som finst for bygget. Har du god oversikt over FDV-dokumentasjonen (forvaltning, drift og vedlikehald), vil sertifiseringa vere enklare å gjennomføre samanlikna med bygg der slik dokumentasjon manglar. Den tekniske manualen gir tydelege krav, slik at dokumentasjonen som skal utarbeidast blir enklare å samanlikne og kvalitetssikre.
Ta ein prat med Rune
Greitt å vite om sertifiseringa
Kor lang tid tar sertifiseringa?
- Sertifiseringa kan ta frå 3 månadar til 1 år.
Kva kostar sertifiseringa?
- Totalkostnad er avhengig av bygget, og tilgjengeleg dokumentasjon.
Kva krevst av bedrifta?
- Det krevst ein del eigeninnsats av bedrifta, spesielt frå driftspersonell.
Kvifor sertifisere eit bygg?
- Sertifiseringa gir tilgang til grøne lån, auka eigedomsverdi og marknadsverdi.