Kraftmarkedsrapport

Publisert

03. desember 2025

Store hydrologiske svingingar pregar kraftmarknaden


Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Senior marknadsrådgivar, Bedrift

91 31 83 40 margrete.hovde@wattn.no

I 2024 stod Nord-Noreg (NO4) i fare for kraftrasjonering. I år er situasjonen snudd på hovudet: Statkraft har måtte sleppe ut vatn tilsvarande heile 3 TWh på havet som følgje av ekstra store snømengder og mykje nedbør, skriv Europower. Den hydrologiske variasjonen frå år til år er med andre ord enorm.

 

Sjølv om Nord-Noreg no er på veg mot strukturell balanse – altså balanse mellom forbruk og produksjon i eit normalår – vil kraftprisane i regionen framleis vere relativt låge. Det kjem av det store, vedvarande produksjonsoverskotet i Nord-Sverige. Situasjonen er likevel i ferd med å stabilisere seg, driven av billeg kraft som gjer regionen meir attraktiv for energiintensive etableringar, kombinert med eit stadig sterkare sentralnett.

 

Den hydrologiske variasjonen vil likevel halde fram og medføre periodar med svært låge prisar i enkelte år. Også NO3 blir påverka av forholda i nord, om enn ikkje i like stor grad som NO4.

 

 

 

 

 

 

 

Indikative priser for opprinnelsesgaranti. Ved avtale må skarp pris hentes.