Kraftmarkedsrapport
22. oktober, 2025
Haust og kaldare vêr løftar spotprisen
Kulda har meldt seg, og kraftmarknaden reagerar raskt. Lite vind, høgtrykk og kjølegare vêr har løfta spotprisen fleire stader i landet.
Temperaturane er no fallande i tråd med årstida, og varsla peikar på fleire kaldare periodar framover. Kombinasjonen av høgtrykk og lite vind bidreg allereie til at spotprisen stig. Etter oppstart av 420 kV-linja Aurland–Sogndal vart prisverknaden i NO3 i første omgang dempa av mykje vind- og vasskraft, men med meir normale vêrforhold ser vi no at områdeprisen løftar seg og nærmar seg nivåa i dei sørlege prisområda.
Torsdag 23.10, kjem snittprisen i NO3 opp i heile 73,35 øre/kWh (engros). Mellom kl. 20 - 23, same dag, er timeprisen over 1 kr. Prognosane for november peikar mot kalde og relativt tørre veker, dermed ligg det an til fleire dagar med høgare prisar framover.


