Kraftmarkedsrapport
08. oktober, 2025
Amy stal showet
Den nye kraftlinja over Sognefjorden fekk knapt tid til å påverke straumprisen før stormen Amy blåste inn og snudde kraftmarknaden på hovudet.
Den oppgraderte linja mellom Sogndal og Aurland var venta å løfte spotprisen i området nord for Sogn (NO3). Med det nye linjestrekket i drift har Noreg no for første gong ei samanhengande overføringslinje frå Finnmark til Sørlandet på høgaste spenningsnivå, 420 kilovolt. Linja vart sett i drift tidleg på ettermiddagen torsdag 2. oktober, og spotprisen reagerte straks med ein tydeleg oppgang same time.
Seint fredag endra situasjonen seg då stormen AMY førte med seg kraftig nedbør og vind over store delar av landet. Auka produksjon frå vind- og vasskraft pressa prisane raskt ned igjen, og effekten av den nye linja vart nøytralisert. Hendinga viser tydeleg kor sterkt vêret påverkar kraftmarknaden – prisane svingar frå time til time. Over tid er det likevel venta at linja vil bidra til høgare gjennomsnittlege spotprisar i NO3.


