Wattn-profil-gradient-lys

Aktuelt

18. september, 2024

Vi er finalist i Charge Awards 2024: «World’s Best Green Brand»!

Hurra - vi er finalist i kategorien «World’s Best Green Brand» på Charge Awards 2024! Det gjer oss stolte, og det motiverer verkeleg at arbeidet vårt blir lagt merke til!

Arbeidet vårt for ei meir energieffektiv framtid

Vi jobbar kontinuerleg med å finne måtar å gjere energiforbruk smartare og meir effektivt. Målet vårt er å gi gode råd, tilby smarte løysingar, og oppmuntre kundane våre til å ta betre energival. Vi ønskjer å gjere det enkelt å unngå straumsløseri, gjerne gjennom energileiing og energieffektivisering. Dette er ikkje berre positivt for miljøet, men også for økonomien – å spare på straumen betyr lågare faktura og mindre klimaavtrykk.

Å bli utpeika som ein av fire finalistar i ei kåring som feirar dei beste merka innan energisektoren på globalt nivå, er ekstra stas! Vi vil gjerne vere med å setje standarden for kva ein straumleverandør skal vere framover, og det er veldig kjekt at andre har trua på den jobben vi gjer – ikkje berre her heime, men også internasjonalt.

Takk til kundane og samarbeidspartnarane våre

Ein ting er løysingane våre, men dei er ikkje mykje verd dersom ikkje kundane tek dei i bruk. Med rett data og verktøy er det enklare å sjå kvar energien kan brukast meir effektivt, og vi er glade for å kunne vere med på denne reisa. Alle kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere noko!

Dette kunne vi ikkje gjort utan heile Wattn-teamet og dei dyktige samarbeidspartnarane våre, som kvar dag jobbar for å utvikle og forbetre løysingane våre. Innsatsen deira har vore avgjerande for å få oss til dette nivået.

Motiverande med finaleplass

Det er sjølvsagt motiverande at vesle oss blir lagde merke til på ein så stor arena. Det viser at vi er på rett veg, vi gler oss til halde fram med å skape løysingar som gjer det enklare for folk og bedrifter å bruke straumen smartare.

Vi gler oss verkeleg til finalen i Charge Awards 14. oktober!