Wattn-profil-gradient-lys

Straum

Alt samla på èin faktura - straum og nettleige

Hos oss får du straum og nettleige på same faktura, så sant vi har gjennomfakturering med nettselskapet ditt. 

Dette er for å gjere det så enkelt som mogleg for deg å halde oversikt over alle kostnader knytt til straumforbruket ditt.

Straumstøtta blir trekt automatisk frå beløpet for nettleiga, slik at det beløpet du ser på fakturaen din er allereie justert når du får den. Vi har ikkje forskotfakturering, så du betaler alltid for det faktiske straumforbruket ditt.

Har du spørsmål eller lurar på noko om nettleiga, tilrår vi deg å kontakte nettselskapet ditt direkte. Då får du råd og rettleiing frå dei rette folka på det området. Har du andre spørsmål, er vi sjølvsagt berre ein telefon eller e-post unna.