Straumavtale til burettslag og sameige
Få ei skreddarsydd straumavtale for burettslag og sameige.
Ei løysing for fellesstraum, bebuarar og elbillading - med full oversikt og enkel fakturering.
Straumavtale tilpassa dykkar behov
Vi tilbyr skreddarsydde straumavtalar for burettslag og sameige. I lag ser vi på forbruk og bruksmønster slik det er i dag, kartlegg behov og finn den løysinga som passar best for akkurat dykkar fellesskap.
Avtalen tek utgangspunkt i korleis straumen faktisk blir brukt, og gjer det enklare å få oversikt og kontrollere kostnadene. Målet er å gi dykk ei løysing som gir føreseielege utgifter, lågare kostnader og betre kontroll over energibruken.
Kontakt oss for ein prat
Kvifor velge straum frå Wattn?
-
Konkurransedyktige prisar
- Vi tilbyr konkurransedyktige straumavtalar for bebuarar og fellesareal
-
Fakturateneste for elbillading
- Ladekostnadene blir rettferdig fordelt og kopla til rett brukar
-
Bedriftsportal
- Bedriftsportalen gir komplett oversikt over straumforbruk, fakturaer og rapportar
-
Komplett ladeløysing
- Vi leverer og installerer ladestasjonar frå Zaptec Pro
Zaptec PRO elbilladar
Vi leverer og installerer – og bebuarane kan få eigen
elbilladar med nedbetaling via straumrekninga i inntil 3 år.
Fakturaløysing for elbillading
Med vår fakturaløysing går betaling for lading rett på bebuarane si straumrekning - automatisk, ryddig og utan ekstra administrasjon.