Det kjem an på korleis straumutgiftene påverkar bedrifta.
Sikringspris kan vere lurt å vurdere dersom:
- Straum utgjer ein betydeleg del av kostnadene
- Bedrifta opererer med faste prisar ut mot kundar
- Marginane er sårbare for prissvingingar
- Bedrifta ønsker å redusere økonomisk risiko
- Føreseielegheit er viktig i budsjettarbeidet
Straumprisane varierer – somme tider lite, andre gonger mykje. For enkelte verksemder er det uproblematisk å ta det som det kjem. For andre kan kraftige prishopp få direkte konsekvensar for lønsemd, kalkylar og budsjett.
Spørsmålet er ikkje om straumprisen vil svinge, men kor store svingingar bedrifta er komfortabel med.