Wattn bedrift kundehistorier Foraform 2

Kundehistoriar

Fora Form AS - Med kraft i kvar dråpe

Wattn og Fora Form AS er begge hjørnesteinsbedrifter med lang historie og brei kompetanse innan sine fagområder, fornybar energi og møbeldesign, på søre Sunnmøre. Dei spelar på lag, og har over fleire år hatt eit tett og kraftfullt samarbeid. Med vatn hausta frå dei mektige Sunnmørsalpane set Wattn i lag med Fora Form eit miljøstempel på designmøblar til kundar over heile verda.

Fora Form er eigd av det svenske konsernet, Lammhults Design Group, og er ein av Skandinavia sine leiande leverandørar av unik design og kvalitet på sittemøblar til det offentlege og private rom. Verdiskaping er ein viktig del av Fora Form sin visjon. – Ja, målet vårt er å skape verdi i alle ledd. Det er viktig for oss å produsere og levere unike produkt, som igjen gir våre kundar verdi. Samtidig har vi i Fora Form eit grønt fokus, med mål om å redusere det globale miljøfotavtrykket. Som eit ledd i denne strategien var det heilt naturleg for oss å utvide avtalen med levering av ein miljøgaranti frå Wattn, seier salssjef, Frode Sporsheim.

100 % vasskraft
– Vi er stolte av det gode samarbeidet med Fora Form. Vi får vere med å sette vårt miljøstempel på designmøblar til kundar over heile verda. At dei kjøper 100 % vasskraft med opphavsgaranti hos oss, er eit viktig miljøstandpunkt, seier kundeansvarleg, Margrete Heltne Hovde i Wattn. 

Ringverknader
Bare bein, i kaldt, krystallklart elvevatn, gir gode assosiasjonar til det reine og grøne. Stolane i elva har også ei meining, det er ikkje tilfeldig at Frode har tatt med stolen POND, designa av Olav Eldøy.– Designaren har late seg inspirere av ringane som spreier seg når ein kastar stein i vatnet, og dei ringverknadene stolen gir både på sittekomforten og i interiøret. Vårt samarbeid med Wattn og avtalen om fornybar energi, gir også ringverknader. Auka fokus på miljøet gir auka konkurransekraft for begge partar, fortel Frode entusiastisk. – Våre kundar, både nasjonalt og internasjonalt, krev miljøvennlege produkt, og ein må kunne vise fram miljørekneskapen sin. Fornybar energi frå Wattn er eit viktig bidrag her.

Gode rådgjevarar
– Vi likar å jobbe med kundar som set krav til oss, seier Margrete i Wattn. Som leverandør kjenner vi ansvar for at kundane våre tek dei rette vala, og det er viktig at vi gir dei tenester som gir dei god oversikt over både marknaden og sin eigen kraftbruk.– Vi er svært nøgde med samarbeidet vårt med Wattn, og imponert over rådgjevarane sin kunnskap og service. Avtalen bidreg til at Fora Form og Lammhults Design Group står fram med ein sterkare miljøprofil enn mange andre i vår bransje, og eg vil sterkt anbefale andre bedrifter å nytte Wattn som leverandør av 100 % vasskraft

Det er kraft i kvar dråpe dei leverer, og eit rett val for framtida.


Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Senior marknadsrådgivar, Bedrift

91 31 83 40margrete.hovde@wattn.no

Dei gode historiene fortset i Wattn

Fora Form var kunde av Tussa-24 før samanslåinga. Kundehistoria er eit resultat av det, og står difor i Tussa-24 sitt namn. Vi er stolte, og utruleg glade over å vidareføre det gode samarbeidet i Wattn.