
Kraftmarknadsrapport
og rådgiving

Alltid oppdatert med kraftmarknadsrapport
Ved å kjenne eige forbruk, kombinert med innsikt i kraftmarknaden er du i bedre stand til å ta dei rette vala. Senior marknadsrådgiver bedrift, Margrete Heltne Hovde, gir deg og bedrift di denne innsikta gjennom detaljerte vekesrapportar. Eit godt verktøy for deg som ønsker å ha oversikt over utviklinga i kraftmarknaden.
Kraftmarknadsrapporten er gratis og blir sendt ut kvar onsdag på e-post. Ønsker du å få rapporten tilsendt? Då melder du enkelt interessa di her.
Eg vil gjerne få tilsendt kraftmarknadsrapport

Ta rette val med god rådgiving
Det er mykje snakk om straumprisar, men få kjenner marknaden godt nok til å forstå kva som faktisk driv prisane. Gjennom god rådgiving og oppdaterte kraftmarknadsrapportar, får du god innsikt i det forventa prisnivået dei komande periodane, og held deg oppdatert på kva retning marknaden tek. Denne kunnskapen er eit viktig grunnlag for å velje rett straumavtale til rett tid.
Vi ønsker å hjelpe bedrifta di til å ha lågast mogleg straumkostnadar, og tilbyr ulike forvaltningsavtalar som er skreddarsydd for bedrifta di. Vi varslar deg når marknaden er i ferd med å stige, slik at vi saman kan ta grep i tide.
Kontakt oss gjerne