Forvaltning
Ein forvaltningsavtale på straumen skapar stabilitet og
gir bedrifta di betre kontroll over svingande straumprisar.
Ein meir stabil straumavtale.
Vel du ein forvaltningsavtale for straum, vil vi sammen med ein profesjonell kraftforvaltar kjøpe straum på dine vegner. Forvaltarane følger kraftmarknaden nøye, og sikrar gunstige prisar på rette tidspunkt med mål om å slå spotprisen over tid. Dei jobbar for å realisere gevinst, og minimere tap. Saman med forvaltaren blir det skreddarsydd strategiar som er nøye tilpassa bedrifta di.
Det kan vere mykje å spare på å tenke langsiktig når du kjøper straum. Vi trur at forvaltningskundane våre kjenner seg tryggare når dei slepp å bekymre seg for svingande straumprisar. Og det beste, dei har spart 52 % samanlikna mot spotprisen dei siste 10 åra!
Book eit møte med oss!
Kvifor velge forvaltning hos oss?
Personleg oppfølging
Du får ein personleg rådgivar som forstår det unike behovet til bedrifta. Saman lagar vi ein plan som sikrar gode prisar i både stigande og dalande marknader, tilpassa bedrifta sitt forbruksmønster og risikoprofil.
Ærleg og transparent
Du skal alltid vite kva du får. I Bedriftsportalen får du full oversikt over straummarknaden og forbruket ditt. Du kan også sjå korleis du kan unngå unødvendige utgifter, både med historiske data og framtidige prognosar.
Erfaring på toppnivå
Du får tilgang til eit av Nordens største og mest erfarne kompetansemiljø innan kraftforvaltning. Vi bygger tillit gjennom langsiktig tenking, akkurat som deg. I mellomtida kan du lene deg tilbake og dra nytte av erfaringa vår, både på kort og lang sikt.
Full kontroll i Bedriftsportalen
Bedriftsportalen gir deg overblikket du treng for å ta informerte val om straumforbruket og kostnadene for bedrifta. Du får tilgang til faktura, historikk, prognosar og mykje meir. Våre forvaltningstenester er utvikla basert på intervju med kundane våre, slik at vi veit at du alltid har det du treng for å ta gode avgjersler.
Oppdag Bedriftsportalen
Smarte rapportar og prognoser
I Bedriftsportalen kan du lettare planlegge, og sjå kostnader i fortid, framtid og sanntid. Så veit du korleis det har gått - og korleis det blir framover.
Full oversikt
Sjå innsparingar og heile biletet, følg med på korleis avtalen gir resultat, og sjå prognoser for framtida.
Ta ein prat med ein av våre energirådgivarar
Book eit møte med oss!
Legg igjen kontaktinformasjonen din, så ringer vi deg for ein gjennomgang!