Fleksibilitetshandel
Spar både pengar og miljøet ved å regulere straumforbruket i
periodar med høg belastning på straumnettet.
Kva er fleksibilitetshandel?
Fleksibilitetshandel handlar om å kunne flytte delar av straumforbruket ditt vekk frå dei timane på døgnet når belastninga på straumnettet er høgast. Dette bidreg til å balansere straumnettet, og dermed utnytte kapasiteten betre.
Ved å delta i handel med forbrukarfleksibilitet, får du betalt for å redusere ditt eige straumforbruk, og du bidreg til eit meir berekraftig kraftsystem som kan møte det aukande behovet for fornybar energi. Fleksibilitetshandel gir deg altså høve til å spare både pengar og miljøet.
Vi deltek i eit spennande prosjekt der vi kan tilby fleksibilitetsavtalar til bedriftskundane våre gjennom Euroflex.
Kontakt oss for meir informasjon
Fleksibilitetsavtale gjennom Euroflex
Ved å investere i styringsutstyr kan bedrifta di tene pengar ved å redusere eller kutte straumforbruket i periodar med høg belastning på straumnettet.
Euroflex skaper ein innovativ marknadsplass for handel med forbrukarfleksibilitet og reduserer behovet for kostbare utvidingar av straumnettet. Dette gir store økonomiske fordelar då historisk sett utbetring av straumnettet har ført til betydelege kostnader for både netteigarar, straumkundane og samfunnet generelt. I framtida vil det vere meir berekraftig å bruke teknologi for å jamne ut forbrukstoppar i staden for å bygge ut nettet. Euroflex arbeider for å utnytte denne fleksibiliteten. Målet er å skape ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, der fleksibilitetshandel gir økonomiske og miljømessige fordelar.
Er du interessert i å høyre meir om prosjektet, så er det berre å ta kontakt med oss, eller du kan lese meir på Euroflex sine nettsider.
Gå til Euroflex sine nettsider