
Fakturaløysing for elbillading
i bedrifter, burettslag og sameige

Enkel fakturering av større ladeparkar
Vi tilbyr ei praktisk fakturaløysing til alle bedrifter, burettslag og sameige som har større ladeinstallasjonar av Zaptec Pro elbilladarar. Fakturaløysinga gjer det enkelt for alle bebuarar å betale for elbillading i ladeparken gjennom straumrekninga si.
Når ein bebuar ladar elbilen sin med ein av ladarane eller ei ladebrikke i ladeparken, vil vi kunne fakturere for den faktiske mengda straum kvar bebuar bruker. Alle som er registrerte med fakturaløysinga vår, blir automatisk medlem av ladeparken. Straumavtalen er spotpris time for time, pluss eit påslag.
Ta kontakt, så set vi opp løysinga for deg!
Vi fiksar alt
Vi tar oss av heile faktureringa.
Automatisk, rettferdig og oversiktleg.
Rettferdig fordeling
Straum og nettleige fakturerast individuelt,
direkte på straumrekninga.
Skreddarsydd for Zaptec Pro
Full støtte for både fellesladarar og
private ladepunkt – klar til bruk.

Full kontroll over ladeparken
Bedrifta, burettslaget eller sameige som eig ladeparken definerer kven som kan vere medlemmer. Det kan vere alle, eller berre dei med behov for elbillading.
Den som er ansvarleg for ladeparken nyttar ei nettside der alle tilgangar blir administrert. Her kan ein enkelt leggje til eller endre RFID-brikker, og dessutan invitere nye bebuarar til å bli kunde om dei ønskjer.
Nettleiga blir gjennomfakturert, for dei nettselskap vi har avtale med, og fordelt til kvar enkelt bebuar basert på dei individuelle forbruka deira. Eventuelt resterande forbruk, som ikkje er relatert til elbillading, blir fakturert til den som er ansvarleg for anlegget.
Dette er fakturaløsningen
Straumavtalen
- Spotpris time for time, pluss eit påslag.
Månadsbeløp
- Månadsbeløpet er på 49 kr/mnd. Dersom bebuar ikkje er kunde hos Wattn på eiga leilegheit, er månadsbeløpet 79 kr/mnd.
Nedbetaling over straumrekninga
- Forbruk på lading i ladeparken blir fakturert over straumrekninga til kvar enkelt.
Nettleige
- Nettleiga blir gjennomfakturert, for dei nettselskap vi har avtale med, og fordelt til kvar enkelt bebuar basert på individuelt forbruk.
Anna
- Løysinga gjeld kun for Zaptec Pro-ladarar.

Få komplett tilbod på Zaptec PRO elbilladar
Vi kan gi deg eitt komplett tilbod på Zaptec Pro-ladarar inkl. installasjon. For burettslag og sameige kan kvar enkelt bebuar også kjøpe og få sett opp eigen ladar.
Vil du vite mer om elbillading og fakturering?
Fyll ut skjemaet, så tar vi kontakt for en uforpliktende prat. Enten dere allerede har Zaptec Pro eller vurderer å installere ladeløsning – vi hjelper dere i gang med en løsning som passer for deres borettslag, sameie eller bedrift.
Kontakt David

David Jørgensen
Bedriftsrådgivar, ansvarleg elbilladar bedrift/burettslag
97 34 05 14david.jorgensen@wattn.no