Kraftmarkedsrapport

Publisert

10. desember 2025

Vinterpris


Margrete Heltne Hovde 72dpi

Margrete Heltne Hovde

Senior marknadsrådgivar, Bedrift

91 31 83 40 margrete.hovde@wattn.no

Den siste månaden har kraftprisane i Midt- og Nord-Noreg lege langt nærare den nordiske systemprisen enn på lenge. To sentrale årsaker til dette er at den oppgraderte stamlinja mellom Sogndal og Aurland kom i drift tidleg i september, og at kraftsituasjonen i nord har gått frå overskot av vatn til ein meir balansert produksjonssituasjon. Hausten ga nedbør på nivå med normalen, og enkelte område opplevde til og med moderat tørre forhold.


Denne veka kom det eit sesongvarsel for januar–mars som peikar mot særleg mildt og vått vêr i vest og nord. Samstundes prisar terminmarknaden kraft for første kvartal 2026 relativt lågt samanlikna med nivåa vi ser no i november–desember (39,7 øre/kWh, engros). Analyseprisar ligg likevel noko høgare.

 

 

 

 

 

Indikativer prisar for opphavsgaranti. Ved avtale må skarp pris hentast.