Wattn wattomat spotoversikt miljo topp

Straum

Straumkontroll med Wattomat

Wattomat er ei digital straumtavle som gir deg betre oversikt over straumforbruket ditt, og dei stadig meir varierande straumprisane.

Straumtavla varslar mellom anna om ekstremprisar og viser kva timekostnaden er no, og dei neste timane. Slik kan du enklare vurdere om du skal vente litt med å sette på oppvaskmaskina, eller ta ein dusj. I tillegg gir straumtavla ei dagleg analyse av forbruket ditt, og du kan dag for dag sjå om du klarer å forbetre deg når det gjeld å bruke straumen smartare. Dette gir moglegheiter for å spare på straumkostnadane.

Det unike med Wattomaten er den digitale lyspæra som forenklar dei varierande straumprisane. Pæra lyser grønt på dei billigaste timane i døgnet og raudt på dei dyraste timane. Ganske enkelt. Samtidig kan du velje ulike andre visningar, blant anna kan du sjå straumprisane inntil 35 timar fram i tid.

For dei kundane som har sanntidsmålaren vår, vil straumforbruket vise i sanntid på straumtavla, og ein oversiktleg graf viser tydeleg korleis forbruket har endra seg den siste timen. «Effektpila» viser også huset sitt totale straumforbruk her og no.

Tenesta kan du sette opp heime eller på arbeidsplassen. Slik kan alle i familien, eller dei tilsette i bedrifta, «gløtte bort på skjermen» og raskt sjå om straumen er dyr eller billig, akkurat no, og i det neste døgnet.

Les meir og sjå korleis du kan ta i bruk Wattomaten på wattn.no/bedrift.