Kraftmarkedsrapport
21. november, 2025
Stort løft i spotprisen
Kulde, lite vind og innfrysing av elver i Nord-Sverige løftar spotprisen i heile Norden.
Heile Norden opplever no høge spotprisar som følge av låg vindkraftproduksjon, relativt kaldt vêr og redusert vasskraftproduksjon i Nord-Sverige. Sistnemnde kjem av at elvene er i ferd med å fryse til før vintersesongen. Vassdraga i Nord-Sverige står for om lag 15 prosent av svensk kraftproduksjon, og effekten blir no redusert tilsvarande eitt til to kjernekraftverk for å leggje til rette for innfrysing.
Dette skjer kvart år når kulda kjem og varer om lag ei veke. I denne perioden får spotprisen – spesielt i nordområda (Nord-Sverige samt Midt- og Nord-Noreg) – eit ekstra løft. Kulda bidreg òg til høgare forbruk, og kombinert med lite vind gir dette ytterlegare prispress.



Mest tilfreds bedriftskundar
EPSI Rating Norge har kåra Wattn til straumleverandøren med dei mest fornøgde bedriftskundane i Noreg i 2025.
Sjå kva bedriftskundane våre set pris på