

Aktuelt
Norgespris for bustadselskap
Norgespris gir bustadselskap ein stabil og føreseieleg straumpris på fellesforbruket. Her finn du informasjon om kven som kan bestille ordninga – og korleis du går fram.
Bustadselskap og fellesforbruk
Bustadselskap – som burettslag, bustadaksjeselskap, eigarseksjonssameige og ikkje-seksjonerte sameige – har rett til å bestille Norgespris for sitt fellesforbruk. Fellesforbruk kan til dømes vere straum til varmtvatn, vaskekjellar, oppvarming av fellesområde, garasjeanlegg eller heis.
Har bustadselskapet éin straummålar for heile bygget, kan styreleiar bestille Norgespris på vegner av alle bueiningane. Har bebuarane eigne målarar, må kvar enkelt bebuar sjølv bestille Norgespris for si eiga leilegheit. Ordninga omfattar straumforbruk opp til 5 000 kWh per månad per bueining.
Les meir om Norgespris for bustadselskap på NVE sine heimesider.
Næringsbruk og forbrukskode 35
For å få Norgespris må minst 50 % av straumforbruket på målepunktet vere hushaldforbruk. Er meir enn halvparten næringsforbruk, har du ikkje rett til ordninga.
Norgespris kan også gjelde målepunkt i næringsavtalar med forbrukskode 35 der straumen går til hushaldning. Sørg for at målepunktet er registrert med rett forbrukskode.
Er du usikker, kan du kontakte oss eller nettselskapet ditt.
Slik bestiller du
Gå til minside.elhub.no.
Bestillinga må gjerast for kvar enkelt straummålar.
Får ikkje styreleiar tilgang til å bestille via elhub.no, må han eller ho kontakte nettselskapet.