Wattn-bedrift-kundehistorier-fiskerstrand-verft

Kundehistoriar

Fiskerstrand Verft - Sparar straum med punktmåling og skreddarsaum

Det viktigaste tiltaket for å redusere straumrekninga er å fokusere på energiforbruk og effekt. Ved Fiskerstrand Verft er det nokre små boksar på veggen som gjer jobben og gir store kutt i straumrekninga.

Hallane er store, sveiseapparata mange og langs kaia ligg båtar som er kobla til landstraum. Det gir Fiskerstrand Verft store straumrekningar, men det 110 år gamle familieeigde verftet tenkjer ungt om miljø.

Som verft arbeider dei med skip som går på naturgass, batteri og hydrogen, og som arbeidsplass jobbar dei med energisparing. No er dei spydspissar i miljøprogrammet, EnergiArena, og satsinga på straummåling av enkeltområder i ei bedrift.


Energieffektivisering for å vere konkurransedyktige

Administrerande direktør ved Fiskerstrand Verft, Magne Standal, seier det sjølvsagt er viktig å få ned straumrekninga, men at det er like viktig å få ned energibruken.

- Vi må vise samfunnsansvar.

Og når det gjeld energieffektivitet er vi berre i startgropa. Dette kjem det til å bli mykje meir fokus på, og skal vi vere her om 110 år også, må vi tenke fremover og vere konkurransedyktige.

Rask inntjening

Teknisk kundeansvarleg i Wattn, Trond Andre Hagen, er saman med konstruksjonssjef på Fiskerstrand Verft, Kåre Nerem, vedlikeholdsleiar Gustav Fredriksson og bedriftselektrikar Johan Håkansson rundt på verftet, sjekkar dei ulike målepunkta og diskuterer kvar dei kan setje opp nye. Boksane er små og investeringa liten.

- Vi reknar med at dette er inntjent om berre eit år, seie Johan Håkansson. Men legger til at dette er berre starten. - No blir det ikkje lenger berre å stikke fingeren i lufta og tru noko om straumforbruket. No får vi samla detaljerte data og kan planlegge både drift av verftet og nye investeringar ut frå dette.

Delmålingane vil gi svar på kvar du skal sette inn støtet for å spare straum og ikkje minst korleis du kan få ned desse toppane av straumforbruket som legg lista for kor mykje nettleige du betalar.

Allerede etter dei første månadane og med berre nokre få målestasjonar, ser Fiskerstrand Verft potensialet for innsparingar på mellom 10.000 og 20.000 kroner i månaden.


Stor effekt på straumrekninga

På kontoret til Gustav Fredriksson lyser det grønne søyler på dataskjermen, som fortel om straumforbruket kvarter for kvarter.

- Vi kan sjå når dei set på mikrobølgeomnen på pauserommet, ler han.

Detaljkunnskapen om straumforbruket skal brukast til styring og grunnlag for vidare energieffektivisering. Det kan også etterkvart koblast saman i mønstergjenkjenning opp mot for eksempel vêrmeldingar og neste døgns straumpriser.

Camilla Blom, leiar for bedriftsmarknad i Wattn, seier at når du får fordelt straumforbruket på mindre punkt, får du bedre kontroll.

- Det er dette som er nøkkelen til å kutte energikostnadane.

Ikkje sjå deg blind på prisen per kWh, men fokuser på forbruksmønsteret og energitoppane. For eksempel vil ei bedrift med 1 000 000 kWh i årsforbruk kunne kutte forbruket med over 10% med riktig innsikt.

Har du lyst å høyre meir om EnergiArena og korleis det kan gje mogelegheiter for bedrifta di?

Ta kontakt med oss, eller les meir om konseptet her.