Kristine SS pa vaskeriet

Kundehistoriar

Effektfullt samarbeid med Wattn

Når ein driv vaskeri, kafeteria, frisør og bruktbutikk, er det fint å få hjelp av Wattn. Eigen bedriftsportal, gratis fakturakontroll og sanntidsmålarar gjer kvardagen litt enklare for Kristine og dei andre i Kvinnherad Vekstbedrift.

Verksemda skil seg definitivt ut frå dei aller fleste andre aksjeselskapa i Kvinnherad. Dei er først og fremst til for å gje arbeidstrening og livsmeistring, innanfor trygge og gode rammer. Til dei som aldri kjem seg ut i nokon vanleg jobb. Og til folk som treng opptrening og ein roleg start, etter at sjukdom eller anna har snudd livet litt på hovudet.

Travle dager

Midt i dette mylderet av aktivitetar sit Kristine Sørensen Såtendal. Ho er på sett og vis navet i ein travel kvardag. Leveransar av fruktkorger skal ut til verksemder, offentlege kontor og privatpersonar. Flotte kaker og påsmurd lunsjmat skal til Husnes til avtalt tid. Andre ringer for å høyre om dei framleis har ved for sal. NAV har gjerne spørsmål som må svarast opp, og sjølv har ho også ansvar for både styrerapportering, marknadsføring og rekneskap. – Greitt då at vi ikkje får store negative overraskingar på straumrekningane, seier nestleiaren på bruket. Kristine er glad for samarbeidet dei har med straumselskapet Wattn.



Dei ansatte i Kvinnherad vekst har travle, men kjekke dager med produksjon og leveranse av kaker og lunsjmat ut i distriktet.
Kvinnherad vekst har travle dager med produksjon og leveranse av kaker og lunsjmat ut i distriktet.



Nyttige verktøy

Det kjennest som om at dei passar litt ekstra på oss. Vi har fått installert sanntidsmålarar på alle lokasjonane våre, og med nokre tastetrykk på pc-en, får eg med ein gong informasjon om ståa nett no, smiler Såtendal. Like etter rullar ei tilnærma horisontal linje over skjermen hennar. Der ser vi forbruket og prisen her og no. Med Wattn på laget har Kvinnherad Vekstbedrift fått tilført både nyttig kunnskap og eit sett med gode verktøy. Alt for at dei skal kunne spare utgifter til både straum og nettleige. Ja, rett og slett få ein meir energivenleg kvardag.



Kristine Sørensen Såtedal les av sanntidsmålingen
Kristine Sørensen Såtedal les av sanntidsmålingen.


Viktig sertifikat

Det siste er som søt musikk i øyra til Såtendal. – For kort tid sidan starta vi opp arbeidet med å få sertifisert verksemda vår som eit Miljøfyrtårn. Det er ikkje gjort over natta. Vi trudde kanskje at mykje allereie var på plass, men det er framleis meir enn nok å ta tak i. Vi må evaluere leverandørane våre, og sjå til at dei også har den rette sertifiseringa. Krava til avfallssortering er strenge og tydelege. HMS-en må også opp nokre hakk. Det er ikkje nok med berre dei rette kleda, om vi manglar kompetanse og opplæring.




Sparing i praksis

I dette arbeidet er berekraftrapportering og miljørekneskap nøkkelord. – Då er det også særs viktig korleis vi brukar straum, og kva tiltak som vert gjort for å redusere bruken. Kombinasjonen av sanntidsmålarane, og kunnskapen vi har fått om korleis effektuttaket påverkar dei totale energiutgiftene, har vore til stor nytte for oss. Særskilt på vaskeriet, der vi naturleg nok har det klart største forbruket av straum. Vi har vorte mykje flinkare til å slå heilt av maskiner som ikkje er i bruk. Og der vi tidlegare sette på halvfulle vaskemaskiner og tørketromlar, ventar vi no med oppstart til dei er fylte opp, forsikrar Kristine Sørensen Såtendal.

Wattn-bedrift-Bedriftsrådgiver-Camilla

Camilla Kristin Jensholm

Kundekonsulent bedrift

70 10 20 18camilla.kristin.jensholm@wattn.no