Regjeringa budsjetterer med 11,5 milliardar kroner til straumstøtte og den nye ordninga Norgespris. Hovuddelen av løyvinga går nettopp til denne ordninga. Det er likevel ein joker i budsjettet, ettersom ingen veit korleis kraftprisane blir i 2026. Kva kostnaden til slutt vert for staten, er difor vanskelig å sei.
Eitt er likevel klart: Norgespris gjer kraftmarknaden mindre priselastisk og fører til ei ny fordeling av kostnadene mellom norske forbrukarar og kraftkundar elles i Norden. Alt anna likt vil dette føre til høgare straumprisar for norsk næringsliv.
I tillegg blir momsfritaket for elbilar redusert frå 500 000 til 300 000 kroner per bil. Dei fleste trur ikkje dette vil gi store utslag i bilsalet – elektrifiseringa av bilparken held fram som før. Dersom alle småbilar i Noreg gjekk på straum, ville det utgjort om lag 7 TWh av landets samla forbruk på rundt 140 TWh.


