×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Sluttbrukerflex2000x700

Sluttbrukarfleksibilitet

Fleksibilitetshandel er kort fortalt kjøp og sal av last-reduksjon mellom netteigar og kundar med moglegheit til å regulere forbruket sitt.

Netteigarane ser på kjøp av fleksibilitet som eit alternativ til meir omfattande nettutbygging. Smart styring av straumen er sett på som ei nødvendigheit for å kunne halde tritt med elektrifiseringa i samfunnet.

Vi kan hjelpe med å identifisere og vurdere verdien av fleksibiliteten frå energiforbruk, fornybar energiproduksjon og energilagring.

Med systema og kompetansen vår for energiovervaking vil du kunne dra nytte av styring av forbruk mot timeprisane i straummarknaden i tillegg til å kunne selje fleksibilitet via oss.

Sidan slutten av 2020 har våre tilsette handla fleksibilitet på vegne av våre kraftkundar i pilotprosjekt på Vestlandet. Så snart din lokale netteigar opnar for handel av fleksibilitet kan vi tilby dykk våre tenester og kompetanse for at de skal kunne selge tilgjengeleg fleksibilitet.

Ta kontakt med oss dersom dette er interessant for dykk.