×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Frame 345

Straum

Spar miljø, tid og pengar

Vi tilbyr EHF fakturering som sikrar trygg og rask oversending av faktura, utan forsinkande mellomledd. For å nytte EHF må bedrifta vere registrert i ELMA registeret.

Kva er EHF?
EHF (Elektronisk Handelsformat) er ei norsk tilpassing til eit felles europeisk fakturaformat. Det vert nytta av statlege, kommunale og private verksemder for mottak av rekningar. Ein EHF-faktura er ein elektronisk faktura som vert send direkte frå avsendar til mottakar sitt økonomisystem. Fordi den vert mottat og lest automatisk er du trygg på at den kjem raskt fram til riktig mottakar.


Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål!