Frame 345

Kundehistoriar

Ulmatec Pyro - Unik oversikt av energiforbruket

Ved å avdekke uregelmessigheter og kunne utbedre feil umiddelbart, har Ulmatec Pyro oppnådd reduksjon i energiforbruket på 45%.

Tiltak
Gjennom EnergiArena fekk Ulmatec Pyro gjennomført enøk-kartlegging av heile bedrifta som avdekka stort potensiale for energisparing. Basert på denne kartlegginga fekk dei installert ei ny vatn-til-luft varmepumpe som benyttar seg av sjøvatn som dei har rett utanfor døra, og dei installerte nytt ventilasjonsanlegg med varmegjenvinning.

Energioppfølgingssystemet gjer at vi kan avdekke uregelmessigheter med en gang de oppstår og utbedre feilen umiddelbart. -Ulmatec Pyro

Kontroll og engasjement
Like viktig som fysiske investeringar, er kontroll og bevisstgjering. Gjennom EnergiArena installerte Ulmatec Pyro det webbaserte energioppfølgingssystemet Energinett. Dette gir bedrifta full kontroll over energiforbruket gjennom vekentleg rapportering med døgnoversikt som viser forbruket. Dei implementerte også energiledelse i bedrifta, eit program med fokus på bevisstgjering og involvering av dei ansatte i bedrifta si enøksatsing.