×

Viktig! Vi får mange spørsmål om regjeringa si kompensasjonsordning. Dersom du har spørsmål knytt mot dette, kan du sjå om du finn svar på NVE sine sider her.

Frame 345

Kundehistoriar

Firmenich - Først ute med ISO-sertifisering

Med mål om auka produksjon og samtidig lavare energiforbruk, kan Firmenich allereie skryte av å vere først ute i fylket med ISO 50.001-godkjenning.

Høgt forbruk
Bedrifta på Ellingsøya lagar ekte smaksstoffer frå fiskeavskjær og det går mykje energi med til produksjonen. Med eit forbruk på 10 mill. kWh hadde dei eit stort besparingspotensiale, og dei har allereie spart hundretusener etter at dei startet arbeidet med å få ned forbruket. Og dei ser det ikkje som umoleg å kunne oppnå ei innsparing på 20 – 30 prosent i løpet av få år. Det vil utgjere millionar i besparing.

Miljøfokus

Like viktig som energibesparelse er også det grøne aspektet av å delta i EnergiArena. ISO 50.001- sertifiseringen er ein internasjonal standard for miljøkrav. Som eit ledd i EnergiArena er heile produksjonen gjennomgått for å finne moglegheiter for ein grønare produksjon. Noko som har medført at oljefyring er vekk og utslipp av CO2 er kraftig redusert.

Alle må med
Eit av suksesskriteria for å lykkast er at alle tilsette blir involvert, og dette meiner fabarikksjef Lars Magne Haram i Firmenich at dei har fått til. Han skryter av dei tilsette, som har blitt meir miljøbevisste og kvar dag bidreg til at energi og pengar blir spart for bedrifta.

Dei gode historiene fortset i Wattn

Firmenich var kunde av Tafjord Marked før samanslåinga. Kundehistoria er eit resultat av det, og står difor i Tafjord Marked sitt namn. Vi er stolte, og utruleg glade over å vidareføre det gode samarbeidet i Wattn.